Solundmeisterskapen 2023 vart ein suksess !
Publisert 15\.0\.2023 avRAPPORT - SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023!
HENG PÅ - HER FYLGJER EIN RAPPORT FRÅ ÅRETS BEGIVENHET: SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023.





Banekartet for Solund som diskgolfdestinasjon.
Caddyboka til alle 22 banene finn du på denne linken Uploads/Caddybok-Draumeparken-22-hull.pdf
9-korgsbana er markert grå farge på nummereringa av banene.
Vi har den store gleda av å ynskje deg velkomen til diskgolfdestinasjonen Draumeparken for turneringshelg. Vi håper å kunne lage ei nydelig ramme for ei diskgolf helg, der alle koser seg og får ein hyggelig opplevelse i majestetiske omgivelser!
Dette er offisiell turneringsinformasjon for Solundmeisterskapen 2023. Følg Solund Sendebrettlaug si gruppe på facebook for informasjon og orienteringar undervegs knytt til turnering og bane (endringar, påminningar etc.).
Lenke til påmelding "Pargolfen i Solund 14. Mai - Extended Edition 22-hull: https://discgolfmetrix.com/2450169
Lenke til registrering "Draumeflex i Draumeparken 12. Mai": https://discgolfmetrix.com/2467045
Vi er overvelda over alle som støttar Solund Sendebrettlaug og turneringa med sponsormidlar. Det betyr at alle deltakarar kan vera heldige og vinne ein premie, uavhengig av kor ein hamnar på resultatlista. Vore sponsorar er presentert i bilete nederst. Takk!
Fredag 12. Mai
08:00 - 20:00 Draumeflex i Draumeparken
Full bane tilgjengelig for spel. Flexrunde er satt opp for dei som ynskjer å registrere runde (sjå påmeldingslenke innledningsvis). Flexrunde inneber at du sjølv vel når du vil gå runden, og ein må gå minimum to stykk for å registrere score.
18:00 - Open pub og servering på skafferiet Mat & Drikke (matservering stenger 21:00).
20:30 Live jazz med "The Ace-group" på Skafferiet
- Klassiske Jazzstandarder med Andy Gjata på piano, Thomas Frøyen på slagverk og Torstein Mongstad på bass.
Lørdag 13. Mai
(Ca. 08:20 Ankomst Hardbakke med bil fra ferjekaia.)
08:30 – 09:15 Obligatorisk spelarregistrering ved idrettshuset
09:15 Obligatorisk fellesinfo (ca. 10 min)
10:00 Start Runde 1
—— Pause med varm lunsj + 9. klasse har open kiosk ——
14:30 Start Runde 2
Ca. 18:00 Premiering
(Ca. 19:20 Avreise til Krakhella for dei som skal med ferja. Take-away pizza kan undersøkast mot Skafferiet dersom ein ynskjer å ta med pizza på ferja)
18:30-20:30 Pizza på Skafferiet Mat & Drikke (sal av pizza stenger 21:00)
20:30 Quiz på Skafferiet Mat & Drikke
Søndag 14. Mai
10:00 Obligatorisk oppmøte med fellesinfo (ca. 10 min)
10:30 Start "Pargolfen i Solund Extended Edition 22-hull"
Ca. 14:00 Premiering
Ca. 14:40 Avreise Krakhella for dei som skal med ferja.
I det følgande finn du informasjon om bane (caddy-bok), spelarregistrering, føring av score + litt merksemd rundt eitt par sentrale regler når du kastar. Som deltagar er du ansvarleg for å gjere deg kjend med informasjonen under.
Draumeparken diskgolfdestinasjon består av Draumeparken 22-hols bane og Idrettsparken 9-hols bane.
På turneringsdag laurdag har vi laga ein konkurranse-layout på 18 hull. Vi har dessverre ikkje tid/logistikk til å inkludere samtlege 22-hull på turneringsdagen. Konkurranse-layout inneheld dei nye hull 4A - 4D. Vi tar ut hull 10, 13, 17 og 18. Her er caddybok for konkurranse-layout:
Til flexrunden fredag 12. mai og "Pargolfen i Solund 14. mai - Extended Edition" nyttar vi full 22-hulls bane. Her er caddybok for full bane:
Gå gjennom den caddyboka som er aktuell for deg.
Det er obligatorisk spelarregistrering ved det nye idrettshuset. Her legg vi ut eit skjema som blir lett tilgjengeleg.
Det første du skal gjere er difor å krysse av på skjemaet at du er komen.
Ved avmelding: Send SMS snarast til TD - Håvard H. Mongstad på telefon 406 32 299.
Kvar gruppe skal føre score i Discgolfmetrix (dette er de fleste kjend med) og hjå PDGA. Gruppa vel ei/ein på gruppa til å føre i discgolfmetrix, og den andre i PDGA . Gruppa kan bli einige om å byte ansvarleg for scoreføring undervegs.
Når runden er ferdig:
a) Gruppa må kontrollerer at score i Discgolfmetrix og PDGA stemmer overeins!
b) Gruppa må signere score i PDGA. Søk på namn (fornamn eller etternamn) eller PDGA-nummer.
c) Gruppa sender inn score i PDGA.
Det er viktig å gå gjennom desse stega straks gruppa er ferdig med runden sin. Arrangøren vert ståande låst utan moglegheit for å klargjere for runde 2, dersom det ikkje vert gjort.
Hvordan føre score i PDGA:
Last ned appen "PDGA - Live" eller benytte denne lenka i nettleseren: http://www.pdga.com/score
Access Code = Solund
Føl deretter instrukser i appen.
Det finns mange spelarar på turneringa som har gjort dette før, så ver nysgjerrig og spør dersom du treng veiledning på korleis du fører score i Discgolfmetrix eller PDGA. Vi anbefaler å ta på deg dette ansvaret under ein av rundane slik at du gjer deg kjend med dette!
Dersom det blir delt 1.plass i ein klasse, vert vinnaren avgjort ved omspel på publikumsvenlege hol. Det skal trekkast lodd om kven som kastar først. Følgjande hol nyttast til omspel:
Solundmeisterskapet er eit feel-good arrangement over ei turneringshelg med fokus på kasteglede og sosialt samvær. Premiering vil vere ulike typer gåver, og som mellom anna våre støttespelarar og sponsorar bidreg med i forkant av arrangementet. Det vil òg trekkast deltakarpremier som gjer at alle kan vinne uavhengig av plassering og prestasjon.
Eit trofè ventar sjølvsagt vinnarane av dei ulike klassane med påskrift: SOLUNDMEISTER 2023.
Påmeldingsavgift vert elles nytta til å dekke varm lunsj mellom runder og drikke, og eventuelt overskudd går utelukkande til videreutvikling av Draumeparken Diskgolfdestinasjon.
... ingen har parkert hull 7 innenfor 10 m sirkelen
... ingen har fått eagle på hull 4D
... hull 4 er fullt mulig å få birdie på
... følgende hol er dokumentert ace på: 8, 9, 11, 12, 14, 16, 18
... hull 6 og hull 8 ligg i eit tidligare plantearboretum - legg merke til dei ulike vekstane du finn der!
... bergarten er ein konglomerat, og består av all slags mulig stein og mineraler
... villsauane er eit lokalt bidrag til å ta vare på kystlandskapet (og fairways..)
Turneringssenter:
Turneringssenter er framføre hovudinngangen til det nye idrettshuset ved idrettsparken. Det er mogleg å parkere ved klubbhuset, langs grusvegen opp mot Idrettsparken eller alternativt ved SPAR (7 min gange). Det er toalett ved idrettshuset ved bana.
Reise til/frå Solund:
For å kome til Solund med bil må du køyre til Rutledal ferjekai. Deretter tar du ferja over til Krakhella kai og køyrer til kommunesenteret Hardbakke. Ein kan også kome seg til Krakhella med NORLED sin snøggbåt (norled.no).
Viktig: Sjekk ferjeavgangane før du køyrer (FJORD1). Sjekk vegmeldingane før du køyrer (vegvesen.no). Vanlegvis fri ferdsel i helger. Du må vente lenge om du ikkje rekk ferja!
Mat:
På Hardbakke på Solund er det ein SPAR. Den stengjer 18:00 kvardager og 15:00 laurdag. Den er ikkje ope sundager. Skafferiet Mat & Drikke held opent for matservering frå 18:00-21:00 fredag, og har matservering med Pizza etter runden laurdag. Den er stengd sundag. Det vert varm lunsj i pausen/mellom rundane på turneringsdag laurdag. Skulen/9. klasse held ope ein kiosk på turneringsdag laurdag.
Planlegg innkjøp av mat etter behov på bakgrunn av overnevnte.
Overnatting
I Solund kommune er overnattingstilboda fleire og varierte. Det vert tilrådd å reservere overnatting snarast og i god tid før meisterskapen. Under følgjer ei oversikt over tilbod sentralt på Hardbakke:
Solund Leilighetshotell / Solund Gjestegaard
Leiligheter - www.solund.com
(NB: gjør bookingen via solund.com og ikke booking.com for gunstigst pris)
Steinsund Marinesenter:
Rorbuer/hytter/hus - www.steinsund.no
Opp til 8 personer i en rorbu/hytte/hus.
Annet:
Det finns overnattingstilbod utover dette òg, men med noko lengre reisetid til turneringssenteret. Nytt søkemotoren Google og undersøk AirBnB dersom du står fast. Ta kontakt om du har utfordringar med å finne overnatting.
kr. 250,- for Open og Damer
kr. 100,- for Junior
Varm lunsj er inkludert mellom runde 1 og runde 2 på turneringsdag laurdag.
VIPPS: #105866 - Merk betaling med "Namn" og "Solundmeisterskapen 2023".
Pargolfen på sundag er gratis!
Velkomen skal dykk vere til Solund og for turneringshelg. Særskilt velkomen til deg som kjem for første gong, eller som deltek på di første turnering - dette blir bra! Ta kontakt om du lurar på noko!
Arrangementsansvarleg - Håvard H. Mongstad: 406 32 299
Baneansvarleg teknisk avdeling - Kristian Leirvåg: 480 55 892
Alt-mulig-mann - Kjell Mongstad: 908 31 711
Materialforvaltar - Lars Myhrer: 41312407
Vi har den store gleda av å invitere til diskgolfdestinasjonen Draumeparken for SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023. Den tradisjonelle og meir uformelle pargolfturneringa er dagen derpå. Vi tar i bruk den same Draumeparken-bana som har vore nytta for tidlegare Solundmeisterskapar og Vestkysttour. Det kan bli nokre endringar, sidan vi no har utvida bana med 4 nye hull.
For dei som ikkje har delteke dei siste åra, så kan vi melde om at det er utført ein god del utbetringar på bana, då særskilt knytta til utkastmattene. Vi håper å kunne lage ei nydelig ramme for diskgolf der alle kosar seg og får ei hyggelig oppleving - uansett plassering. Solund Sendebrettlaug stiller med litt diskutsalg ved bana, og andre er velkomne til å selje frå sitt eige diskgolfsortiment.
Utfyllande informasjon finn du på påmeldingssida, herunder informasjon om tidsskjema, mat, transport m.m.
Informasjon og påmelding Solundmeisterskapen 2023: Solundmeisterskapen
Lenke til påmelding pargolf: Pargolf
Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane
Solund Eiendom / Skafferiet Mat & Drikke
Norsk kystkulturakademi / Sognefjord Active
Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Sulemat, Frode Kalgraff
Solund Kreativ
TD - Laugsrådsleiar Håvard H. Mongstad, 406 32 299
Assistant TD - Kristian Leirvåg, 480 55 892
Laugsrådsmedlem Solund Sendebrettlaug - Kjell Mongstad, 908 31 711
Så var eit vellukka årslaugsmøte gjennomført.
Uploads/Protokoll-fra-arslaugsmote-i-Solund-Sendebrettlaug-den-01032023.pdf
Håvard fekk tilliten som leiar i nok eit år. Gratulerer så mykje !
Tusen takk Lillian for innsatsen etter fleire år som laugsrådsmedlem.
Og velkomen som ny vararepresentant Andrii.
Fullstendig og underskriven protokoll frå møtet er sendt til alle medlemene på mail.
Ta dykk tid til å lese årsmeldinga som følgjer i artikelen under. Mykje spanande har skjedd og Sendebrettlauget har verkeleg vore med å sette Solund på både diskgolf- og reiselivskartet i år 2022. Det speilar også årsrekneskapen godt. Retningsgjevande handlingsplan kan de studere i protokollen.
Uploads/Arsmelding-2022-for-Solund-Sendebrettlaug.pdf
Uploads/Arsrekneskap-2022-Solund-Sendebrettlau.pdf
Det er tid for innbetaling av medlemskontigent.
Innbetaling skjer til VIPPSnr. #105866
Kr. 200 pr. medlem. Kr. 400 for familiemedlemsskap (inkl. «born» til og med siste år VGS)
Er du medlem i Solund Idrettslag kan du trekke frå kr. 100 på på innbetalinga.
Nye medlemer får ein laugsdisk med på kjøpet. Den kan hentast ved lageret vårt i Solund, alternativt ta kontakt så kan vi finne ei løysing for levering.
Vi gler oss vilt til Solundmeisterskapen 2023
Mvh
Solund Sendebrettlaug v/Håvard Harnes Mongstad
Vi har den store gleda av å invitere til diskgolfdestinasjonen Draumeparken for SOLUNDMEISTERSKAPEN 2022. Det vert også ein uformell pargolfturnering dagen derpå. Vi tar i bruk den same bana som har vore vertskap for tidlegare Vestkysttour i Draumeparken. For dei som ikkje deltok i fjorårets turnering, så kan vi melde om at det er utført ein god del utbedringar på bana, då særskilt knytta til utkastmattene. Vi håper å kunne lage ei nydelig ramme for diskgolf der alle koser seg og får ein hyggelig opplevelse - uansett plassering. Solund Sendebrettlaug stiller med diskutsalg ved bana, og andre er velkomne til å ta med sitt eige sortiment.
Utfyllande informasjon finn du på påmeldingssida, herunder informasjon om tidsskjema, mat, transport m.m.
Informasjon og påmelding Solundmeisterskapen 2022: https://discgolfmetrix.com/2037622
Lenke til påmelding pargolf: https://discgolfmetrix.com/2038140
Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane
tb-event
Solund Eiendom / Skafferiet Mat & Drikke
Norsk kystkulturakademi / Sognefjord Active
Øybygg
Visit Fjordkysten
Sulefisk
Solune Kreativ
Spar Solund
Ryland Bygg
Sulemat
Sulejet AS
Sulebia og Havbien - Honning frå Solund
Solund IL
Solund kommune
TD - Laugsrådsleiar Håvard H. Mongstad, 406 32 299
Assistant TD - Kristian Leirvåg, 480 55 892
Laugsrådsmedlem Solund Sendebrettlaug - Kjell Mongstad, 908 31 711
Hei alle diskgolfvener
Våre første laugsmeistrar i diskgolf i Solund si historie vart kåra den 28. august 2021. Desse meistrane er:
Junior: Daniel Elvevåg
Open damer: Karoline Harnes Mongstad
Open herrar: Håvard Harnes Mongstad
Gratulerer til dei historiske samanlagtvinnarane av Solundmeistarskapen 2021.
Lauget hadde invitert til ein konkurranse som var open for andre utanforståande til å delta og det var difor heile 25 deltakarar med på denne meisterskapen.
Det vart ein kjempespanande konkurranse. Under strålande Solund vêr og i aukande vind tok Eivind i herre-klassen ein skikkeleg Northug og spurta forbi Håvard på oppløpssida. Mange kniva om 3.plassen, men det vart til slutt Roald og Tarjei som delte den.
Lillian avslutta som ei løve og kjempa inn 2. plassen foran Marianne. Men Karoline vart hakket for sterk, og vant dameklassen. Daniel vant ein velfortent diskgolfbag i juniorklassen, som Flaktveit IK frisbeeshop sponsa turneringa med. Tusen takk til flakkarane.
Tusen takk også til Norsk kystkulturakademi, Skafferiet mat og drikke, Spar Solund, Frode Kalgraff og Øybygg for kjempeflott sponsing.
I historiebøkene til Solund Sendebrettlaug vil det for alltid stå at Daniel Elvevåg, Karoline Mongstad Harnes og Håvard Harnes Mongstad vart Laugsmeistarar i år 2021.
Igjen; - Gratulerer til dykk alle tre og takk til alle for ein strålande konkurranse!
Solund Sendebrettlaug gjorde seg sterkt bemerka under Norcescupen på Karmøy 21.-22. august 2021
Gratulerer med ein fantastisk 2. plass til Karoline i klassen for Open Damer og ein like imponerande 13. plass til Håvard i Open Herrar i ein Norgescup med deltaking av topprangerte deltakarar på nasjonalt nivå!
Tre runder à 18-hull, på det som var ei svært krevjande, gøyal og frustrerande skogsbane. Eit litt upresist kast, så var det rett ut av fairway og inn i tjukkaste skogen. Vi i lauget er ikkje så vane med å skulle forsere så mykje tre. Det var det lite som tyda på resultatmessig; - i alle fall for 2 av våre 5 deltakarar frå Sendebrettlauget.
For etter heile 227 kast enda Karoline jommen meg på delt 1.plass. Det måtte difor omspel til, for å kåre vinnaren av Norgescupen for damer. Etter å ha spelt 4 omspelskorger, glapp sigeren med eitt kast. Og Ida Emilie Nesse, vår kjære nabo med røter på Hop, kapra 3. plassen, berre 1 kast bak Karoline igjen.
Håvard tok som nemnt ein sterk 13. plass i hard kamp med 58 andre i Noregseliten. 10.plass glapp nok diverre på korg 13 i aller siste runde ! Oss andre som deltok, snakkar vi ikkje så mykje om ????
Hei!
Her kjem oppdatert og viktig info til dei som deltek på Solundmeisterskapet 2021. Les difor dette:
Først: Det blir servert varm mat i pausen mellom runde 1 og runde 2!
Tidsskjema:
Ca. 10:40 Ankomst Hardbakke med bil fra ferjekaia.
10:50 Obligatorisk oppmøte og fellesinfo (ca. 10 min)
11:30 Start Runde 1
—— Pause med varm lunsj ——
15:15 Start Runde 2
Ca. 17:45 Premiering
Ca. 19:20 Avreise til Krakhella for dei som skal med ferja.
Mat og drikke Hardbakke:
Restaurant: Skafferiet mat & Drikke / www.skafferietmatogdrikke.no
Daglegvarebutikk: SPAR
Toalett: SPAR fram til 15:00
Viktige endringer i baneregler:
1. Til turneringa skal nye teepads/utkast nyttast der desse er komen på plass. På enkelte hål vil de imidlertid sjå at utkastskilt er noko malplassert - det er fordi vi ikkje har rukke å flytte desse endå.
2. Hål 16 spelast med vanlege OB-regler og ikkje med droppsone. Ved OB skal det difor nyttast vanlege OB-regler.
3. OB er somme stader markert med pinner OG linjer. Somme stader er dei imidlertid berre markert med pinner. Det skal være konsekvent markering for dei einskilde hål.
4. Bruk «spotter» på hål 10, og ver varsom kring hål 16/17.
5. Dersom disken din treff ein villsau, og den spring avgårde med disken sittande fast i ulla, så må du springe etter sauen. Hopp deretter på sauen og hald deg godt fast. Ditt neste kast må kastast frå sauen. Ett straffekast for å kaste frå sau. To straffekast dersom sauen har sprunge OB.
Caddybok: Sjå banekart og baneoversikt under "bilder" i facebookgruppa. Eventuelt besøk vår heimeside.
Registrering på konkurransedagen:
Vi legg til grunn betalt påmeldingsavgift som bekreftelse på deltagelse i turnering. Dersom du imidlertid ikkje skal delta likevel, må du snarast gje beskjed til TD Håvard.
Dersom du ikkje betaler innan fristen 23:59 i kveld, vil du verte sletta fra lista.
Scoreføring:
Score førast i Discgolfmetrix og PDGA. Det vil difor være to stykk på gruppa som skal føre score, på kvar sin stad. Oppfordrer difor til å ta med mobil.
Veiledning føre score i PDGA:
Gå inn på følgjande lenke: www.pdga.com/score. Skriv deretter inn kode «Solund». Ein er då klar til å registrere score på gruppa. Når runden er ferdig, kontrollerer gruppa at score på Discgolfmetrix og PDGA stemmer overens og er korrekt. I PDGA må så alle spillere på gruppa «signere». Dette blir gjort ved at ein klikker på dei einskilde deltagarane. Deretter skriv ein inn enten fullt etternavn eller PDGA-nummer.
«Huff!» tenker du kanskje no? Fortvil ikkje - det vil vere minst ein/ei på gruppa di som kan dette. Men mi sterke oppfordring er at dersom du ikkje har gjort det før, så tar du initiativ til å ta på deg ansvaret på gruppa slik at du lærer deg det
-
Påmelding og påmeldingsavgift:
Det er mogleg å melde seg på fram til kl. 23:59 i kveld. Følg lenka under for påmelding. Påmeldingsavgift kr. 100.
https://discgolfmetrix.com/1815355
Vi kastast!
Diskgolf er i vinden som aldri før i Noreg. Så også i Solund. Frå orkesterplass høyrer leiaren av lauget at det plingar i diskgolfkorger både seint og tidleg. Og det er ikkje berre bygdefolk som prøver seg på ein birdie eller to. Sanninga er at det stadig kjem tilreisande diskgolfarar som har høyrt om dei gode og naturskjøne banene i Solund og som likegodt legg eit weekend- eller ferieopphald til kommunen. Å kombinere kajakkpadling og ein diskgolfrunde eller to, med Øyhoppinga eller Utvær-turen, ser ut til å vera ein populær kombo.
For at våre baner i Solund skal klare å oppretthalde status som ei attraktiv bane for aktive og opplevingshungrige diskgolfarar, sette laugsrådet i vår i gang eit prosjekt som sikrar at bana vert oppgradert til 2021-standard. Målet er at Solund skal for alvor koma på kartet som ein av Noregs attraktive diskgolfdestinasjonar.
Først og fremst galdt det å få utkastsonene oppgradert til nasjonal standard. Eit krevjande arbeid, men like fullt heilt naudsynt for å bli oppfatta som ein seriøs destinasjon. Det vil som følgje av dette, også verta naudsynt å gjere nokre mindre endringar i banedesignet. Dette blir del 2 av prosjektet.
Arbeidet starta opp i månadsskiftet april / mai og det vart jobba intensivt før knotten gjorde sitt inntog. Pr. 15/6 har det vore arbeidd dugnad til ein verdi av heile kr. 55.000. Og nær 30 personar har deltatt. Det er gjort innkjøp av materialer og matter for omlag kr. 70.000.
Prosjektet er langt frå ferdig, men vi klarte å få gjort det vi skulle før sommarferien. No framstår bana som attraktiv for både innbyggjarar og tilreisande; - til både tur- og diskgolfføremål; - herunder å få arrangert vår første offisielle laugsmeisterskap til hausten.
Som ein positiv sideeffekt av alt oppgraderings- og vedlikehaldsarbeidet som skjer, har Kystarboretet og Draumeparken fått eit positivt ansiktsløft.
No er det berre å ta turen ut i Guds frie natur, med eller utan disk i handa. Vi ser at satsinga allreie har sin verknad. Det er både einskildpersonar og grupper av tilreisande som no nyttar banene våre aktivt, i tillegg til at lokalbefolkninga for alvor har fått auga opp for dette positive aktivitetstilbodet i Solund.
God diskgolftur alle saman :)
Hei alle diskgolfvener
Beklager diskgolfvener men årets planlagde VKT må diverre gå ut. Denne meldinga vart lagt ut på FB den 4. april, etter at styret hadde gjort sitt vedtak:
Gled dykk, folkens !
Det blir Vestkysttour i Solund også i år. Helga 25-27. juni er allereie avsett.
Vi kjem tilbake med meir info etterkvart som opplegget vert klart for heile Vestkysttouren. Då vert også www.vestkysttouren.no oppdatert for 2021-turneringa.
Diskgolfsporten har jo tatt heilt av det siste åre. Følg difor også med på www.discgolfmetrix.com . Der skjer påmeldinga og turneringane vert fort fylt opp dette året.
Sjå også Terminlista for relevante diskgolfturneringar for oss her i vest.