Historikk

Solund Sendebrettlaug vart stifta 28. juni 2015 av 15 stiftarar, med følgjande føremålsparagraf:

Solund Sendebrettlaug skal drive både toppidrett og ha det moro innafor dei lovmessige og etiske råmer som Norges Idrettsforbund og Solund Idrettslag gjev.

Det vart på stiftingsmøtet nedsett ei hurtigarbeidande arbeidsgruppe for å få lauget raskt i drift, formidle kunnskap og skape interesse for sporten, utarbeide naudsynte søknader og starte etablering av ei mellombels 9 hóls diskgolfbane i - og rundt Solund Idrettspark. Det vart sett som eit mål å få arrangert ein open aktivitetsdag innan medio august. Leiar av lauget er i denne oppstartsfasen Kjell Mongstad.

Det vart gjennomført 3 «Sommarkast'15» konkurransar etter at testbana var etablert, og Solund Sendebrettlaug hadde ein diskaktivitetsdag under Solunddagen 2015.

Den 20. august gjorde styret i Solund Idrettslag følgjande vedtak:

Solund Idrettslaget tek mellombels opp Solund Sendebrettlaug som gruppe i laget, og melder denne inn i særforbundet. Saka vert å legge fram på førstkomande årsmøte til endeleg avgjerd.

I dag har Solund Sendebrettlaug etablert eit diskgolfannlegg med 27 hål. Herunder Draumeparken 18 håls bane og Idrettsparken 9 håls bane. Her er det spennande utfordringar både for nybegynnere og meir erfarne kastere.