Reglar

Diskgolfsporten i Noreg er organisert under Norges Amerikanske Idretters Forbund, og for å delta i turneringar treng ein individuell spelarlisens gjennom PDGA, uavhengig av kva klubb ein tilhører. Komplett regelbok finn du på PDGA sine heimesider, men vi vil gje deg ei kjapp oppsummering her 

Spelets gang

Som i golf er det ein startplass (utkast/tee) og eit mål (korg). Ein kastar seg frå uktastet fram til korga, og kastar heile tida frå der disken landar. Når du treff korga, og disken vert liggande i korga er du ferdig med holet. Det er alltid den spelaren som ligg lengst frå korga som kastar neste kast. Når alle er ferdig med holet, går ein vidare til neste hol.

IMG 0028

Par

Kvart hol har eit såkalla "par", som er ein indikasjon på kor mange kast ein bør (med litt trening) klare holet på. Klarar ein eit hol på 1 kast mindre enn par, kallast dette "Birdie". 1 kast meir, "Boogey".

OB - Out of Bounds

Enkelte områder på bana kan vere definert som ulovlige (eller OB). Vert disken liggande her får ein eit straffekast, og ein må tilbake til dit disken sist var "god", og kaste derifrå på neste kast. Det er lov å trekke disken 1 meter inn på bana frå der den gjekk OB før ein kastar neste kast.

Dropzone

På enkelte baner er det oppgitt områder der det skal kastast frå etter att disken har vore OB. Desse vert kalla "Dropzone". Desse er til for å hindre OB-områder der ein med fordel kan havne OB, og vidare kaste seg frå OB i god posisjon.

Mandatory

Mandatory, også kalt "Mando", er ein tvungen passering. Eksempel kan vere på venstresida av eit tre, mellom to tre, rundt ein stolpe, osb.

Om ein kastar feil, så fins det ulike måtar å håndtere dette på. Kva metode som gjeld, skal alltid vere definert i baneoppsettet.

  1. Ein får eit straffekast, og må kaste frå oppgitt "dropzone" (vanligst).
  2. Ein må kaste tilbake på samme side som ein bomma, slik at disken til slutt tek den rette bana (Rewind). Denne metoden vert nesten aldri praktisert lengre.

Lost disc

Om ein disk ikkje vert funne att, vert dette kalla "Lost disc". Ein får eit straffekast (som om ikkje det er nok straff å miste ein disk!), og må kaste på nytt frå der ein kasta frå då disken forsvann.

Ein er forplikta til å hjelp andre å leite etter forsvunne diskar, sjølv om regelverket i utg.pkt seier at ein har 2 minuttar på å finne disken sin frå ein kjem til området der disken er forsvunne i.

Anna

Det er ikkje lov å knekke eller å bøye vekk greiner, busker eller gras som er i vegen for eit kast. Lause greiner, evt. anna laust materiale er lov å fjerne frå staden ein skal kaste frå.

Ein har 30 sekund på seg til å kaste frå ein er på punktet og er klar til å kaste.