Vinterkast 2016/17 runde 22

Publisert 26\.0\.2017 av

I dag har vi hatt ein triveleg Vinterkastrunde med diskgolf; - den 22. i rekka. Og igjen var det umoglege Endre som kom best utav det. Berre eit mandotre på bane 7 øydela ein nesten perfekt runde. Men 30 kast (+2) er jo supert. Ellers var det lysmaster, skog, OB-linjer og vind som øydela for oss andre...ikkje eigne ferdigheiter ;) Grattis med ny pers, Dorthea (+8) :) Til neste runde vert det full skjerping; - "SolundIL-årsmøte.Vinterkastrunden". Vel møtt neste søndag!