Vinterkast 2015 / 2016 - runde 25

Publisert 24\.0\.2016 av
Ojoj for ein stil! Av 2 komande diskgolfstjerner Truls og Viljen !
Med Trond som mentor, måtte det jo også bli strålande resultat på dei to (+32 og +33) !
Men korleis gjekk det barnepasset, Trond??? Hmmm...
Sjekk ut videoen, Ingvill og Endre !
 
Ikkje dagen for dei store resultata elles, men Fanni imponerte stort igjen, og klarte tangere sin personlege rekord på +6, sjølv om vinden ylte rundt novene.
Må også trekke fram Anne Brith sin debutrunde, der ho lurte seg rett foran Gunn på resultatlista...også det imponerande i den lure sidevinden!
Og det var då nære på at både Therese, Kari, Guro og Tuva fekk gjennomført ein heil runde.
 
Det viktigaste med denne runden var at det var heile 18 stk., små og store, kom oss ut av det lune reiret vårt og fekk ha det gøy saman, midt i Guds frie natur, anten vi kom oss gjennom runden eller ei.
 
Me sjåast neste søndag!