Teknikk-kurs i diskgolf / Vinterkast 2015 / 216 del 29

Publisert 21\.0\.2016 av

Ei hektisk men kjempegøy helg er over, og det er tid for refleksjon. 
Men slapp av; - skal ikkje ta heile den her!

Oppsummert:
32 personar deltok på heile eller delar av helga (dag 1: 22, dag 2: 24 og dag 3: 23 på den avsluttande VInterkast-runden.
Og hugs at dette skjer i midten av februar der haglbygene i sanning kom tett som hagl!
Men Espen inspirerte oss med både teoretisk og praktisk input. Og innimellom bygene demonstrerte han nokre utenomjordiske kast. Så no har vi dødelege fått litt å strekke oss etter!

For nokre av oss var nok Espen sine konstruktive tilbakemeldingane på vår planlagde løypetrasé for 18-hóls bana eit høgdepunkt. For vi er tydelegvis på sporet av å lage ei bane som både skil seg ut frå andre, er krevjande, men som likevel vil verte gøy å ta seg ein runde eller to på...eller jamvel berre ein halv!
Og vi har no fått gode tips til korleis designe bana vidare slik at den vil dekke både ulike ambisjonsnivå, og der både små og store kan trivast godt; sjølv om dei fleste av Kjell sine par 4-hól gjekk fløyten!

Årslaugsmøtet vart også vel gjennomført fredagen. Eit nytt og godt laugsråd er klar til dyst, og det er oppretta ei ny og spanande fag-/referansegruppe der Espen også er med for å kunna gje oss gode råd i vår vidare utvikling av 18-hóls bana. Protokoll vert sendt medlemene på mail om kort tid.

Og kva så med Vinterkast 2015 /2016 -runden?

Joda, den satte eit verdig punktum på ei minnerik helg.
Håvard knalla like godt til med ein 27 (-3) runde, med Tarjei, Asle og Mark hakk i hæl med +3 og +4 rundar...!
Og Fanni kunne fort ha hamna der også, men ho mista visst fokus på siste hólet; - 4 ekstra kast der og dermed +8 totalt; - sannsynlegvis grunna teften av Gunnlaug si framifrå betasuppa!

Tusen takk for suppa Gunnlaug; - den gav liv til mange slitne hjerner og forfrosne kroppar, etter ei intensiv diskgolfhelg som vi alle seint vil gløyma.

Og tusen takk Espen; - no ser vi verkeleg fram til fortsetjinga...