Sommarkast'15 - Runde 4

Publisert 8\.0\.2015 av

Då var atter ein praktfull kastekveld over, og det skulle vise seg at profetiane om bestenoteringer vart fulgt til punkt og prikke: Samtlige kastarar som hadde ein pers frå før knuste denne i dag, og mange med god margin!

Jan Kåre kasta fryktelig stabilt i dag med bogey på 7/9 hål, og det blir ny pers av slikt! Ørjan kom seg under +10 og sletta sin gamle rekord med heile 7 kast. Tor Arne "finesse" Hauge sneik seg òg under den magiske +10 grensa med ferdigputta birdier på hull 3 og 7, ikkje verst! Ellers vart det kniving til siste slutt om pallplasseringane mellom Kalle, Øyvind og Kjell der sistnevnte var i det umoglege hjørnet og slo til med sterke +3! Håvard drog i land sigeren med -2, vel vitande om dobbelbogeyen han fekk på skogshålet, etter å sjølv ha gjort det opnare før runden.

Veldig kjekt med Tiril Haugen, Herman Elliot Herbard og Tore Trovåg som var med for første gong i dag. Håper de er med neste gong også!

Ellers er det mykje framgang å sjå hjå alle! Det ser ut til å være mindre av dei store blemmene, og meir klokskap i spelet hjå kastarane. Litt driving og puttetrening så vil resultata raskt forflytte seg nedover.

Spiller Detaljer Sum +/-
Informasjon fjernet 28 -2
Informasjon fjernet 33 3
Informasjon fjernet 35 5
Informasjon fjernet 35 5
Informasjon fjernet 38 8
Informasjon fjernet 39 9
Informasjon fjernet 43 13
Informasjon fjernet 43 13
Informasjon fjernet 46 16
Informasjon fjernet 55 25
Informasjon fjernet 66 36
Informasjon fjernet 75 45
    Eagle/Ace         Birdie         Boogey         Dobbel Boogey +