SOMMARKAST 2016

Publisert 16\.0\.2016 av
Årets Sommarkast-rundar er i full gang :)
Og denne turneringa fungerer slik:
Alle som møter opp ein onsdag og/eller søndagar kl. 17:00 heilt fram til Solunddagane, kan vera med.
Dei 5 beste rundane fram til Solunddagane tel med på resultatlista. Følg med på http://sendebrettlauget.no/turneringar/sommarkast-2016/  . Alle er velkomne til å delta, anten dei vil vera ein del av turnering eller ei.

I en grad det er mogleg, vert scorecardet ført av ein av deltakarane i appen "udisc", og eksportert til csv til post@sendebrettlauget.no , når runden er over. Om ikkje udisc vert nytta, før inn på mobil eller på papir (ta bilete) tal kast pr. korg og send sms til tlf. 908 31 711 eller lever på døra / legg i gangen.
 
Nokre reglar må vi ha:
Min. 3 stk. må gå saman for at resultatet skal telje i Sommarkast-turneringa.
Om de vel å gå fleire rundar så er første runden teljande, om ikkje anna vert avtalt på førehand.
Laget skal alltid stå bakom kastaren (utanfor kastesektoren). 
Disken som er lengst unna korga skal alltid kastast først. 
Resultatet på førrige korg, avgjer rekkefølgja for gruppedeltakaren på neste utkast.Beste først.
Alle ikkje-spelarar og turgåarar har forkøyrsrett. Vent med å kaste til bana er klar. 
Dei som kastar på ei bane, har alltid vikeplikt for dei som kastar på ei korg med høgare nummer.

Det er ikkje lov å vera negativ- Hugs å alltid skryte, oppmuntre og om naudsynt trøyste kvarandre :)
Boss skal aldri ligge igjen i naturen. Plukk med deg det du finn.

Skrid til bana med liv og lyst. ukke til alle saman.