Sommarkast 2016 - runde 4

Publisert 13\.0\.2016 av

Sommarkast 2016, runde 4 vart gjennomført på onsdag av 10 glade diskgolfarar, i ein utfordrande og uføreseieleg (men ikkje uvanleg) vind. Gøy runde og veldig jamnt, men det vart langt mellom birdiene i vindkasta. Men Håvard meistra tilhøva best og enda på par (28 kast). Gøy med ungdomane som synest det er kjekt å kaste, både i- og utanom desse Sommarkast-rundane.
Bana(ene) fungerer godt og det er endå kjekkare no når utkastmattene og dropsonene no kjem på plass ei etter ei. Supert jobba! 
Ha det gøy og bruk banene så mykje som mogleg!