Solundmeisterskapen 2023 vart ein suksess !

Publisert 15\.0\.2023 av

RAPPORT - SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023!

HENG PÅ - HER FYLGJER EIN RAPPORT FRÅ ÅRETS BEGIVENHET: SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023.
Eit Solundmeisterskap skal vere annleis. Solund er annleis. Landskapet er annleis. Bana er annleis.
Arrangementet skal spele på lag med menneska som bur her, og spele på lag med det lokale næringslivet. Arrangementet skal tilpassast slik at alle skal få kome og ha ei kjekk tid på øya vår.
----------
I år hadde Solund Sendebrettlaug ei utfordring. Det var påbegynt arbeid med nytt bustadfelt. Tidligare hull 17 var no urbanisert. Ei kastebane som sløyfar seg langs asfalt og utsprengd fjellskjering passar seg ikkje.
Lauget ynskja òg å utbetre eksisterande hull der ein har hatt kryssande konflikt med hensyn til sikkerheit. Lauget var ikkje heilt nøgd med bana slik den var.
----------
Løysinga var å utvide banelayouten med nye hull. Men ville vi rekke klargjering av bane tidsnok? Ville vi få dei i innbydande stand? Lauget vart einige om å køyre på, og om å nytte gamal bane om vi kom i mål.
----------
Lauget opnar påmeldinga til arrangementet. Det tar 5 timer, så er det fullt. Fett!
----------
Lauget hiv seg rundt. Plassering for utkast og korg skal avgjerast. Synfaringar gjennomførast. Detaljar vert kverna på. Design blir satt. Baneskilt vert oppdatert.
Arrangement på kveldane vert planlagt. Burger & Jazz. Pizza & Quiz. OB-pinnar vert satt ut. Lyng og sprakje skal vekk. Nabofeltet vaknar til lyden av kantklipparen. Klopper og tee-pads vert spikra saman og løfta på plass.
Så dukkar det opp ein SMS på telefonen. Bilete av kvilebenkar og bord som er komne på plass i Draumeparken. På bilete er det òg ein nyspikra premiepall. Ny laugsbekledning med havørnlogo rekk siste leveranse frå Førde til Solund.
Eit flunkande nytt høgtalaranlegg med mikrofon dukkar opp kvelden før. Det same gjer 3 kassar med nye diskar. I den eine kassen ligg ei overrasking. Ein meisterskapsdisk.
Og på toppen av kransekaka: eit laugsmedlem tilbyr seg å filme under arrangementet for å lage stemningsvideo.
Kva i alle dagar er det vi har fått til?
----------
Turneringa startar. Vinden har løya. Havskodda er lågtliggande. Det klirrar i kjettingane. 9. Klasse er på plass, og ordnar til mat og kiosk i pausen. Ein heil skokk av smilande friviljuge har meldt sin ankomst. For ein innsats.
----------
Resultatlista synar rekordjamne og gode resultat. Ein suling snik seg opp på toppen, men kjem fort nedatt på konglomeraten. Deltakarane pratar om runden sin, og om dei nye hulla. Nokon mimrar etter dei gamle.
Ei justering vart naudsynt mellom runde 1 og 2. Det vart litt mykje venting på ett av hulla. Ny erfaring som heldigvis kan utbetrast.
----------
Lauget er nysgjerrig på kva av dei nye banene deltakarane liker best. Er det moglegheita til å kaste 150 m på bane 4D? Er det utsikta mot Sognefjorden på bane 4B? Eller den allsidige Hazard-øya på bane 4A? Vi gler oss til å høyre rundt.
Det som er sikkert, er at dei nye banene har vorte eit flott supplement til eksisterande bane. Eit nytt landskap og utsikt har kome fram.
----------
Premieringa gjekk føre seg på sedvanleg vis. Deltakarpremiar og trofé til vinnarar. Gratulere så mykje til årets laugsmeistrar Jon E. Liseth i Open, Ida Emilie Nesse i Open Damer og Gaute Hauge i Junior!
De har skrive dykk inn i lauget si historiebøker.
----------
Pargolfen dagen derpå gjekk i solskin og lett sønnavind. Draumeparken fekk historias første Eagle (2 kast) på den innbydande bane 4D.
Nokre luringar frå Flaktveit stakk av med sigeren også her. Det begynner å bli ei vane. På tide at lauget stepper opp neste gong!
Gratulere med førsteplass og sterke -12 til Jon E. Liseth og Mathias Odenbratt!
----------
Tusen takk til alle(!) som tok turen og gjorde dette til ei unik oppleving for Solund Sendebrettlaug.
Tusen takk til alle våre sponsorar og støttespelarar, som på sin måte bidreg til å gjere arrangementet vårt annleis og unikt.
Sist men ikkje minst: tusen takk til alle i styret, laugsmedlemar og laugsvener som gjer dette mogleg.
----------
No skal lauget senke skuldrane litt, før vi rettar blikket mot 2024. Kanskje det til neste år blir eit pargolfmeisterskap? 😉
----------