Solund Open - for første men ikkje siste gang!

Publisert 4\.0\.2015 av

No kan dei vel angre; - alle dei som syntes skyene såg litt truandes ut på morrakvisten!
Men "bak de truende skyer der skinner, solen så mektig og klar ennu" sang alltid bestemor mi!

Og det gjorde den...

For heile 23 stk, var vi; - som gjennomførte første Solund Open i sitt slag, i ei salig blanding av både sol og duskregn...Men med Nina sine vaflar som motivajon under første runden; - tusen takk Nina, akkurat det vi trengde som pausefyll!

Og ei salig aldersspreiing var det jommen meg på deltakarane også; - heilt frå nybakte besteforeldre og like til velfødde barnebarn. Sånn skal det vera...dette er Solund på sitt beste!

Så gjekk vi der rundt omkring i skog og mark igjen. Og dette handla om alt frå kos´lig småprat og felles leit etter diskar på videvanke, til ein kjenner det rykker litt ekstra i konkurransearmen...og plutselig så høyrer alle eit pliiinggg, tett etterfølgt av eit gledesbrøl laaangt inne frå den innarste djupe Solund-skogen rundt hól 8; - Desidert "Longest Put" (LP), denne dagen...og så på hól 8 !!! 
Grattis Tone med den...også med 2. plassen! Stine tok 3.plassen rett i hælane på Tone. 

Og damene hadde jammen rangen denne dagen, for Isabella vant damer junior og Åsne klarte Closest To Pin (CTP) på hól 9 i same klasse.
Og sjekk Fanni sitt resultat då; - 1.runde på +8 (ny banerekord for damene) og neste på +12 , og dermed ein velfortent siger i dameklassen.
Til alt overmål vant ho fighten med sin kjæraste også, som er på visitt i Solund i desse dagar.
No handlar det om å ta ein snarleg revansje, kjære Bence !!!

Er det mogleg å få eit jamnare resultat enn det Eirik, Aron og Gaute klarte i juniorklassen på runde 2. Dei klarte +18 alle 3...skulle tru dei var trillingar eller noko sånt!
Men samanlagt trakk Eirik det lengste strået og vant, og han tok også heim "Longest Drive"-trofeet i juniorklassen!
Diverre måtte Jonathan og Nikolai bryte av etter 1 runde...og Sebastian syntes nok andre gjeremål var viktigare etter nokre hól; - men flott innnsats var det av alle 3.
 
Forresten; - gratulerer med 8-årsdagen Gaute!
Bursdagspresang fekk du jo av sjølvaste Roar frå Stormkast i Bergen.


Andre brøl høyrdest også frå den djupe Solund-skogen denne dagen, og det høgste ropet var vel Kjell sitt, i rein og skjær fortviling over at putteren hans ikkje lystra, og valde fyka akkurat der den ikkje skulle fyke.
Og dermed rauk vona om å ta skalpen på Kalle.

For Kalle storspelte i runde 1 (+3) og holdt alle frå livet etter runde 2 ogå... så vidt det var, og dermed vart han best av alle Sulingane denne dagen med +10 samanlagt.
Gratulerer Kalle!
Kjell måtte fint nøye seg med +11 men er nøgd med 3. plassen i ein slik celeber konkurranse.

Men det var fleire som storspelte; - Sigve med +6 på den eine runden og +9 på den andre og dermed 3. beste score samanlagt av Sulingane i konkurranen med +15 samanlagt.
Og både Geir Kåre, Endre og Steven slo til med bestenoteringar på den ein runden med høvesvis +6, +7 og +9 .  Men samanlagt holdt det ikkje til "medalje".
Kim og Tor Arne var ikkje heilt nøgde sjølve denne dagen, men kjem garantert sterkt tilbake.
For omlag 1 mnd. sidan ville dei simpelthen jubla over +8 og+9 rundar, men nivået byrjar å verte høgt, så her må ein vera skjerpa heile tida.!

Må få lov å bli litt imponert over Linda og Ole Christian som for første gang tok i ein golf-disk og som gjennomførte konkurransen med glans.
 

Men kva skal vi seie; - det kom ein særdeles hyggeleg kar frå Bergen, heldigvis med røttene sine frå Sunnhordaland...tok diskane og bana fatt, og fekk fort tilnamnet Roar "den uovervinnelege".

Samme kor mykje me prøvde, så klarte me ikkje ta korkje skalpen hans eller matche driveren hans. På hól 4 så berre flaug og flaug driveren hans av garde...den ville knapt lande. Og når den endeleg gjorde det, så var det ikkje i nærleiken av "out of bounds" eingong!
Her skulle Håvard vøri...

Roar oppnådde nye nestbeste resultat på bana med høvesvis -4 og -3...og dermed fekk han det desidert beste resultatet i konkurransen med -7 samanlagt under Solund Open 2015.
Vi gratulerer Roar så mykje med sigeren.
Premien, som var aldeles velfortent, den donerte han like godt til lauget og etter loddtrekning vart det Kim som fekk seg ein disk med i bagasjen heim.

Roar delte også raust av sin kompetanse, og fordi han syntes det var så positivt med alle juniorane som stilte opp, så fekk dei overrekt ein putter som gåve frå han.

Tusen takk Roar, gratuerer med sigeren og lukke til med ditt vidare engasjement i Stormkast! 

Og takk til alle 23 (berre tell etter i denne artikkelen) som saman var med og gjorde dagen til ei strålande og minnerik oppleving.
Sannsynlegvis har vi starta ein årleg tradisjon med "Solund Open".


No skal me få lagt inn resultata på nettsida...www.sendebrettlauget.no det blir litt arbeid, men det kjem vel på plass i løpet av kvelden.