Rist av juleflesk-turnering 20/12 - 3/1

Publisert 23\.0\.2015 av

Under følgjer ein dag-for-dag kommentar knytt til Juleflesk-turneringa:


Dag 15 - 3/1  10. dag jul
 - Avslutningsrunden

"Rist av juleflesk"-turneringa er endeleg ferdig :)
Det vart rekorddeltaking med 30 personar på sisterunden. Ein isande kald vind forhindra nok topp resultat, men hindra ikkje ein topp innsats.
Og sola og finavêret sette verkeleg prikken over i-en på avslutningsdagen.
 
Eit av dei mange høgdepunkta, vart Mark sin eviglysegrøne disk som suste ut i minst 100 km i timen frå hól 5, flaug i ein S-bane rundt berghamar, spraker og jordvoll og omlag 90 meter seinare suste den rett ned i den pikyrande små korga...Pliiinggg...spratt så 30 cm opp igjen, for så å falle til evig ro, djupt og trygt planta nede i korga.
Mark kunne jo ikkje vera dårlegare enn Kjell dagen før :)
Og så for liksom å markere; - ACE på hól 5 :) :) :)
Så starta den hemningslause jubelen...og det var nok ingen som lurte på om Mark var i Idrettsparken denne dagen!
Alt skulle sjølvsagt vore festa på film, men som for Kjell dagen før; - no må dette dokumenterast på nytt, ved å gjenta bedrifta live...
 
Mark var også best denne avslutninngsdagen (33-runde), men det var ikkje dagen for nokon av deltakarane for å slette rekordar.
Gøy at så mange nye debutantar heng seg på. Upåklageleg innsats og det fine er at rekordar som vart sette i dag, let seg lett forbetre på ein vindfri dag!
 
Litt jukeflesk-statistikk:
64 deltakarar har svidd av tilsaman heile 47,4 mil sidan 20. desember.
Det vil seie at vi samla sett har tilbakelagt ein strekning tilsvarande Hardbakke - Hønefoss.
Av desse 64 som deltok, var 18 jenter / kvinner, og heile 19 av deltakarane var under 16 år.
 
Premiering (berre dei som betaler kr. 25,- til konto 3705.29.38016, får vera med i trekninga - vi trekker fleire capser om vi får nok innbetalt)
 
1. Mest avsvidd juleflesk totalt - Solund Sendrettlaug-hettegenser:
Kjell gjekk lengst med 2,6 mil i denne "søde juletid", og han hadde nok mest bruk for det...men som arrangør vert ikkje dette resultatet med.
Dernest gjekk Åsmund og Torstein 2,2 mil kvar.
Premien vert trekt mellom desse to.
 
2. Min. 5 rundar gjennomført - Solund Sendebrettlaug-sportsbag
Det er 20 personar som har tilbakelagt min. 1,0 mil og er med i trekninga
 
3. Min. 3 rundar gjennomført - 1 stk. Kvalitetsdriver
Det er 33 personar som har tilbakelagt min. 0,6 mil og er med i trekninga
 
4. Min. 1 runde gjennomført - 1 eller fleire Solund Sendebrettlaug-capser
Heile 62 personar har tilbakelagt min. 0,2 km og er med i trekninga
 
5. Familiar som har gått rundar - Solund Sendebrettlaug-caps / kopp
Eg har registrert fleire familiar som kan seiast å ha hatt dette som ein familieaktivitet...(vert kontakta for å stadfeste kandidaturet)
 
Trekninga vil foregå så snart innbetalingane oversikta over innbetalingane er på plass.


Dag 14 - 2/1  9. dag jul
 

Litt av ein runde denne 2. nyårsdagsrunden :)

For det formeleg myldra med diskgolfarar i Idrettsparken; - 25 stk., små som store, debutantar såvel som hardbarka laugsmedlemer, og her var både sverd- og spinnesida veldig godt representert.
Ingen lunefull vind denne dagen; - den var berre lun og medgjerleg.
Humøret var difor på topp, og det vart også resultata.

Tarjei drog like godt til med ein nesten feilfri 27-runde (-3) og er no på tredje plass på "adelskalenderen" for bana vår !
Gratulerer, Tarjei. Og sidan du måtte reise allereie i dag, så har sikkert Silje ein liten premie til deg :)
Og både Mark, Torstein og fleire med, haler sakte men sikkert innpå Håvard i samandraget. Langt igjen til sist i mars, då Vinterkast-konkurransen vert avslutta !

54 nye avsvidde kilometre med juleflesk denne dagen, 40 mil totalt fordelt på 59 personar, så no har vi passert Nesbyen med god margin :)
Flå i sikte...

Siste runde i "Riv av juleflesk"-turneringa i morgon; - alle som deltek på turen med Barnas Turlags, kan ta sin runde etterpå. No er jo alle i form til å klare begge deler :)

Eg legg med eit historisk videoklipp...ein merkedag for artikkelforfattaren :)
Strålande vêrmelding for morgondagen.
Livet er godt å leve!


Dag 13 - 1/1  1. Nyttårsdag
 

Betre start på året var det vel ikkje mogleg å få!
Strålande vér og vinden stod oss bi. Det var dagen for gode prestasjonar.
Og jubelbrøla kom tett denne dagen...også eit anna brøl, men det var litt annleis og kom straks etter at Mark hadde eit svært så irriterande bomkast på hól 7 ;) .

Torstein klarte ein strålande 29-runde (-1) og Eirik satte juniorrekord med ein like sterk 32-runde (+2). Og på spinnesida ser det ut til at Tone held på å ta opp kampen om troféet i Vinterkast-tureneringa.
No er ikkje fokus på resultat, men dei fleste synest det er kjempartig å setje eigen personleg rekord...og det vart ein del av desse denne dagen.

Sjå resultat både under arkfana Turneringa (Vinterkast 2015/2016 og under arkfana Banerekordar.

Det vart svidd av 4 nye mil med juleflesk denne dagen, og det er heile 51 personar som har bidratt til det. Alle desse er såleis med i trekninga av Sendebrettlaugs-capsen.
Og så langt er 27 stk. klar for trekning av kvalitetsdriveren, sidan dei har gennomført min. 3 rundar.
Heile 16 personar har tilbakelagt 5 rundar og minst 1,0 mil. og kvalifiserer til trekninga av Sendebrettlaug-sportsbagen. Og 5 av desse kan ha tilbakelagt minst 2,0 mil når vi skriv søndag den 3. januar.

Hugs å sett inn kr. 25,- inn på konto 3705.29.38016 for å vera med i trekninga av premiane

Det er 2 nye sjansar til å bidra i "Rist av juleflesk"-turneringa. Begge dagar er det meldt strålande diskgolfvér og turvér. På søndag kan de trygt melde dykk på tur med Barnas Turlag, for så å ta sisterunden av turneringa etterpå :). Vel møtt til innspurten i morgon!


Dag 12 - 31/12  Nyttårsafta 

Ein rask kommentar om dagens runde, før siste måltidet skal fortærast for året:

Vi var 9 stk. som fullførde runden, i det vi kan kalle eit rimeleg surt vêr!
Men det finst visst ikkje surt vêr, berre sure klær, meiner Tarjei ! Og etter 12 rundar på bana i allskens vêr, stemmer nok det...i alle fall for sokkane sin del ;)
 
Torstein knalla til med ein +1 runde i dag, i det vi må kunna kalla ein skikkeleg lurevind! Med ein god runde før han reiser i morgon, så ligg han godt an i den totale Vinterkast-turneringa.
Og våre ungdomar som iherdig trassar både vêr og vind, gjekk idag rundar som det verkeleg står respekt av.
 
18 nye kilometer juleflesk avsvidd og Åsmund er no den som ligg best an til å få svidd av mest juleflesk totalt sett sidan 20. desember (her held vi Kjell som arrangør utanom...han er jo kommandert til å stille kvrar dag av Gunn :) 
 
I morgon er det nytt år og nye moglegheiter. Fram til og med søndag kan vi riste av siste restar av oppsamla juleflesk.

Eit riktig GODT NYTT ÅR til alle Solund Sendebrett-vener !


Dag 11 - 30/12  6. dag jul
 

Med storm frå vest, aust, sør og nord, nedanfrå og oppanfrå...starta 8 forventningsfulle laugsmedlemer sin runde...og etter omlag 1 time var vi komen halvveges på hól 4... :) .
Og lenger var det så vidt vi kom, for om disken ikkje landa paddeflatt, så rulla den heilt frå målet ved hól 4 og tilbake til utkastet på hól 2 . Berre spør Mark. Og Åsmund sin disk fauk like godt heilt heim.
By the way; - Randi Larsen må sjekke i hagen sin om ho finn nokre herrelause diskar! ;)
 
Difor bøyer vi oss i ærekjensle og langt ned i støvet over Tarjei sin formidable 40-runde denne dagen.
Han må simpelthen ha fått heftige stormkast midt i mot, då han kom til verda i år 1986...og broren kan´kje hatt så mykje mindre vind i mot, sidan han klarte runden på 47 kast.
 
Elles var det vel ikkje så mykje meir å skrive heim om, anna enn at vi var 8 stk. som hadde det både gøy og var frustrerte, Og vi svidde no av minst 16 km juleflesk...og trur ikkje eg overdriv om eg seier vi gjekk nærast det doble i dag...og det triple i avsvidd flesk.
 
I morgon løyer vinden og då dreg vi til med ein runde som det luktar svidd av! Vel møtt.


Dag 10 - 29/12  5. dag jul
 

Så var nok ein runde unnagjort...og det under rimeleg utfordrande og ustabile vindforhold.
Av oss 9 som valde ta opp kampen mot t.d. sidevinden på hól 2, var det Geir-Kåre som verkeleg knalla til. For etter ein lang julepause og med ein kropp som fortsatt må ha vore stinn av julemat (dette er jo berre hans 3.runde i turneringa), så står det stor respekt av ein runde på 41 kast.
Og med sine 7 kast på hól 4 markerte Geri-Kåre sin stoiske ro denne dagen. For alle andre måtte springe som gal etter uregjerlege out-of-bounds-diskar nettopp på dette hólet.

Vi andre følgde etter på sluttresultatlista, som perler på ei snor... sjå http://sendebrettlauget.no/turneringar/vinterkast-2015-2016/ for resultatdetaljane.
Nye 18 km avsvidd juleflesk denne dagen, og så flott at Aleksander stilte opp og bidrog til å sette ekstra fart kilometerteljaren :)

Mange artige situasjonar og diskar som fór ii alle slags himmelretningar... jamvel i eit og same kast!. Dette var både irriterande, gøy og fasinerande. Og ekstra gøy vart det når ein såg at vinden måtte gje tapt!

Vel møtt til ny dyst i morgon.
Då har vinden lova å gje oss ei endå større utfordring enn i dag.
Bli med; - dette vert gøy :)


Dag 9 - 28/12  4. dag jul
 

Som oppvarming til SulaHula-cupen tok 15 av oss mest ihuga diskglfarar ein runde...eller to...ja, jamvel tre rundar vart det på nokre. :)
Men berre den første var teljande i Vinterkast- og Julefleskturneringa.
Dei neste to; - berre blott av lyst og glede!
 
Den lumske vinden spelte oss eit puss denne dagen, sjølv om både Torstein og Erlend klarte ein 34-runde. Etterkvart som klokka gjekk, løya vinden og det vart sett nokre sterke personlege rekordar for både Gaute (39) og Endre (31). Og deira rundar gjekk i tillegg i ekspressfart for å rekke solnedgangen. Oss andre gjekk vel rett inn i solnedgangen sånn reint resultatmessig! Kjem sterkt tilbake  i morgon!
 
Så då er det tilbakelagt 30 km og det ligg tilsaman 26,3 mil avsvidd juleflesk igjen på bana til no frå 49 personar.
Grethe Roede og Fedon Lindberg er ikkje i nærleiken eingong! ;)
Nye kilo-meter vil forsvinne i morgon.
 
Bli med i morgon, og sjå om vi kan klare Solund-Oslo innan 3. mars!


Dag 8 - 27/12  3.dag jul
 

Ut av snøkavet dukka det 21 deltakarar opp til dag 8 i "Rist av juleflesk-turneringa".
Og det var sånn at vi som stilte denne dagen formeleg kjente ein eim av friskheit og sunnheit som osa rundt oss. Ein slags aura eller glorie som likna ein avstøypning av ein driver-frisbee i fart...slik ein del av logoen vår symbolisererer; - vel vitande om at det låg ei mengd med Sulingar i si lune seng og vralta seg rundt i sitt eige julefeitt etter gårsdagens utskeiingar!

Dette var ikkje meint for å gje nokon dårleg samvit, ei heller om vi forsiktig nemner at medan folk elles inntok sin egg-og-bacon frukost, så svidde vi av 42 nye kilometer med juleflesk denne dagen!

Og Eirik er komen i siget (+4)...Endre også (+6)... så no må Håvard passe seg! Gøy at nokre av våre nye naboar frå Syria (Kurdistan) også vart med. Flott at alle tok så godt i mot dei. Ypparleg måte å bli kjent på.

Mark, Endre og alle oss andre elles, har ellers fått ei utfordring: Korleis hente inn forspranget til Håvard i Open-klassen?

Vel møtt i morgon til både Juleflesk-turnering og SulaHUla-cup. Finn sjølv eit eigneleg tidspunkt mellom volleyballslaga, for å gå din daglege runde!


Dag 7 - 26/12 2. juledag

"Jingle basket, jingle basket...åååå så deilig lyd !
Når ein disk går dit den skal, då er det berre fryd!"
 
For dette var så absolutt dagen då disken berre traff der den skulle.
Mange jubelrop, mange personlege rekordar...massevis av humørfylte folk! Og så artig at det møtte opp så mange debutantar då :)
 
Det vart svidd av heile 58 km juleflesk denne 2. juledagen; - ergo var det heile 29 stk. , små som store som stilte til start.
44 personar har samla sett tilbakelagt 17,7 mil. sidan 20.desember (det hårete målet fram til 3. januar er 50 mil)!
 
Nokre sterke resultat denne dagen:
27-runde (-3) på Håvard, Tarjei på 30 (par) og Erlend og Jørn Otto på 32 (+2). Og merk dykk Eirik sin nye juniorrekord 33 (+3). Så følgde mange som perler på ei snor !
May Brith knalla til med ein 42-runde og byrjar nærme seg Fanni sin banerekord med stormskritt!
Dette blir berre gøy å følge opp!
Hugs:
Bruk rullegardina under "Turneringar" og klikk på "Vinterkast 2015 / 2016" og sjå resultata; - samanlagt, enkeltrundar eller klikke på eige namn og få opp alle dine registrerte rundar.
 
Vel møtt til ny dyst i morgon...i strålande rekordvintervêr!


Dag 6 - 25/12 1. juledag 

Ei riktig GOD JUL til alle saman!
Og vel overstått runde til alle dykk 22 stk. som trossa den sterke kulingen og stilte frisk og tidig til start.

Om ikkje resultata vart dei aller beste denne dagen, så vart det mange gøye situasjonar, der både komiske utkast, innkast og putterbommar skulle vore filma! 
Mellom anna har Erlend eit 25 minutters videoklipp, tatt opp frå bukselomma....altfor langt til å legge ut...men sjekk heller eit anna som vert lagt ut!

Asle og Erlend vart til slutt ståande att med besterunden denne dagen. 37 kast er veldig bra i den harde vinden!

No er det svidd av 11,9 mil. med juleflesk.
Og heile 33 stk har no deltatt 1 runde, og kvalifiserer dermed til trekninga av Sendbrettlaug-capsen.
9 stk. har fullført 3 rundar og er så langt med på trekninga av 1 disk av beste kvalitet.
Berre Håvard har så langt vore med alle 5 rundane som er gjennomført; - ergo tilbakelagt 1,0 mil.
Men klarer fleire å gjennomføre 5 rundar før 3. januar, vert desse også med i trekninga av ein Sendebrettlaug-bag


Dag 5 - 24/12 Julafta

Sterk storm ved Stad...og tydelegvis også for dalstroka innafor.
For sjølv med ballast, streva vi hardt med å få korgene til å stå oppreist.

Men du verden for ein start for Håvard; - eagle på hól 1...disken flaug att og fram som ei skadeskoten ørn og landa på mirakuløst vis tett ved sidan av korga. Og like mirakuløst kom han seg gjennom bana på 35 kast.
Tarjei var den som følgde nærast på med sine 43 kast.
13 kast på Kjell på hól 4...der han ufrivillig tok i bruk heile Idresttsbana, og Torstein måtte av og hente ein disk heilt nede i hagen til Kjetil...dette seier vel alt om tilhøva.
Erlend har gjort det for vane å rota det godt til mot slutten...mista ein god plassering i dag også, om ikkje det er av rein godhet for oss andre då!

12 km avsvidd juleflesk denne runden.
Verre runde er det ikkje mogleg å gå, reint vermessig...'
Men på same tid var dette den desidert artigaste runden vi har vore med på. 
Dette vil vi gjerne gjenta...allereie neste dag helst!


Dag 4 - 23/12 Litlejulafta 

Regnfritt, vindfullt!
Masse folk - faktisk 17 stk.- heiv av seg forkle, forlot bøtte og skurekost for så å skape god førjulsstemning på vår eminente diskgolfbana!
 
Håvard gjekk beste runden (+1), men viser at han langt frå er uslåeleg! Uhyre jamnt etter det. Mange gode resultat elles, men det er jo tal kilometer som er greia i denne juleflesk-turneringa.
 
Tone sin skritteljar viste 5.128 skritt...det vil seie at ho tilbakela minst 2,5 km...Men her reknar vi 2,0 km pr. person, uavhengig av kor mykje ein lyt trakke i skog og mark.
 
Altså er 34 nye kilometer med juleflesk svidd av sidan søndag.
Til saman avsvidd juleflesk = 7,4 mil .
 
Nokon som blir med i morgon også...for å lage plass til pinnakjøtet?


Dag 3 - 22/12 Pittelitlejulafta

Var det mogleg å spele diskgolf i dette vêret???
Nei, meinte visst alle...prioriteten gjekk nok mot hyggelege innejuleaktiviteter som diskvask og bossputting.
Full rulle neste dag!

Dag 2 - 21/12

8 personar og 16 nye kilometre juleflesk avsvidd!
Endre kom som ein driverdisk ned på jorda igjen, etter gårsdagens himmelferd. Men hans gode sønn Viljen reiste kjerringa for familien, og knalla like godt til med ein glitrande 71-runde.
Mark var elles suverent god i vinden og enda på vinterens nest beste runde; - Par (30)


Dag 1 - 20/12

12 personar og 24 kilometer juleflesk avsvidd!
Sjå eige artikkel om Vinterkast 2015 / 2016 - under.
Juleflesk-turneringa inngår i denne større turneringa