Prosjekt Solund som diskgolfdestinasjon
Publisert 15\.0\.2021 avDiskgolf er i vinden som aldri før i Noreg. Så også i Solund. Frå orkesterplass høyrer leiaren av lauget at det plingar i diskgolfkorger både seint og tidleg. Og det er ikkje berre bygdefolk som prøver seg på ein birdie eller to. Sanninga er at det stadig kjem tilreisande diskgolfarar som har høyrt om dei gode og naturskjøne banene i Solund og som likegodt legg eit weekend- eller ferieopphald til kommunen. Å kombinere kajakkpadling og ein diskgolfrunde eller to, med Øyhoppinga eller Utvær-turen, ser ut til å vera ein populær kombo.
For at våre baner i Solund skal klare å oppretthalde status som ei attraktiv bane for aktive og opplevingshungrige diskgolfarar, sette laugsrådet i vår i gang eit prosjekt som sikrar at bana vert oppgradert til 2021-standard. Målet er at Solund skal for alvor koma på kartet som ein av Noregs attraktive diskgolfdestinasjonar.
Først og fremst galdt det å få utkastsonene oppgradert til nasjonal standard. Eit krevjande arbeid, men like fullt heilt naudsynt for å bli oppfatta som ein seriøs destinasjon. Det vil som følgje av dette, også verta naudsynt å gjere nokre mindre endringar i banedesignet. Dette blir del 2 av prosjektet.
Arbeidet starta opp i månadsskiftet april / mai og det vart jobba intensivt før knotten gjorde sitt inntog. Pr. 15/6 har det vore arbeidd dugnad til ein verdi av heile kr. 55.000. Og nær 30 personar har deltatt. Det er gjort innkjøp av materialer og matter for omlag kr. 70.000.
Prosjektet er langt frå ferdig, men vi klarte å få gjort det vi skulle før sommarferien. No framstår bana som attraktiv for både innbyggjarar og tilreisande; - til både tur- og diskgolfføremål; - herunder å få arrangert vår første offisielle laugsmeisterskap til hausten.
Som ein positiv sideeffekt av alt oppgraderings- og vedlikehaldsarbeidet som skjer, har Kystarboretet og Draumeparken fått eit positivt ansiktsløft.
No er det berre å ta turen ut i Guds frie natur, med eller utan disk i handa. Vi ser at satsinga allreie har sin verknad. Det er både einskildpersonar og grupper av tilreisande som no nyttar banene våre aktivt, i tillegg til at lokalbefolkninga for alvor har fått auga opp for dette positive aktivitetstilbodet i Solund.
God diskgolftur alle saman :)