Solund og NM i diskgolf

Publisert 6\.0\.2015 av

Kort sluttrapport frå NM i diskgolf 2015

Håvard gjekk nok ein strålande runde og enda på +2 i finalen.
Frå katastrofehólet 4 (+6) i runde 1 på fredag, så har det berre gått ein veg.
Håvard enda til slutt på ein flott 33. plass, og det med heile Norgeseliten til stades…Han er nok litt misnøgd sjølv, sidan det lett kunne blitt mellom dei 20 beste og pengepremien ville ha dekka flybilletten heim .

GRATULERER HÅVARD – ein fabelaktig prestasjon!

Eirik tok på seg caddie-jobben denne dagen, men same kor mange råd han gav sin far, så hjalp det ikkje. Kjell beholdt sin 4. plass i Grandmasterklassen…(og vi er enige om å ikkje fortelje vidare til nokon at det var berre 4 spelarar med i denne klassen). 
Altså ingen pallplassering…ingen kile innimellom nokre avdanka, men durkdrevne diskgolfspelarar. Det kan vel nemnast at også her vart hól 4 eit av katastrofehóla (eit av mange) for Kjell.

Men, kjære vener;- må jo skryte litt…eg var den einaste Solund Sendebrettlaugspelaren som mottok premie i NM! Slå den!
Beste CTP (closest to pin) på hól 8… ein ny disk til odel og eige som premie …ein disk uberørt av Solund sin beinharde konglomerat (men igjen; - ingen må nemne at dette berre var i konkurranse med grandmasterne).

Men eg fekk då vist fram skjorta med logoen til alt publikummet…og då var jo heile målet med NM nådd for min eigen del…å få promotert Sendebrettlauget og Solund !

Ei uforgløymeleg langhelg er til endes…
Beina er mørbanka...også hjernen...
Sko og sokkar må i vaskemaskina og vaskemaskina bør rensast etterpå.
Norge slo Kroatia og livet berre smilar mot oss.

No skal vi bygge 18 hóls golfbane i Solund…

 

3. statusrapport NM i diskgolf

Nok ein dag til endes:
Fleire nye mil med trakking i skog og hei…regnbyger…ekstremt sure sokkar….har akkurat pakka dei ned i hermetisk lukka plastposer…skal i besøk til svigers til Eirik!

Håvard gjekk ein strålande 3. runde med +1 som sluttresultat for den runden…og det samme som han som leder fekk på denne runden.
Og dermed er han å sjå i finalen!!!
Start kl. 08.00
Fantastisk!

Eirik persa 2 gonger, siste runden gjekk han på +18.
Men det holdt naturleg nok ikkje til finalespel i «Open»-klassen. Der er det forferdeleg trangt om plassen.

Kjell er fornøgd med den eine runden han gjekk i dag på +21. 
Sidan det berre er 4 med i Grandmaster-gruppa, blir det finalespel på han! Så då blir det ein sikker 4. plass. 
Det er noko å slå i bordet med i familien!
Morsomt!

Dette må fleire bli med på neste år!

 

2. statusrapport NM i Diskgolf:

Kjempegøy!
Masse flotte menneske…mange strålande prestasjonar…heile Noregseliten er samla..svært høgt nivå…veldig vanskeleg bane…mange går på tryne…men midt opp i frustrasjonane; - spelarane gjev alltid kvarandre kompliment når noko går godt…aldri kritikk eller nedpsyking!
Vi skal ha gått ca. 1,5 mil i dag…men for oss som kastar i hytt og pine, så vert det i tillegg ekstraturar i skog og mark.

Håvard gjekk diverre på ein smell på hòl 4 på runde 1…elles flott runde.
Runde 2 gjennomførte han med glans.
Han er nøydd å gå ein optimal runde i morgon for å nå finalerunden

Eirik klarer seg godt, men er jo veldig ute av trening. Han kjem meir og meir i siget og vil mest truleg avansere i morgon, men må spele langt over evne for å nå finalen.

Kjell går sine rundar stort sett med damer, og konsentrerer seg difor mest om å vere sosial og sjarmere, framfor å storspele… i tillegg går det mykje tid til å leite etter diskar! 
Nådde akkurat målet sitt med +30. 
På hòl 17 (240m) traff Kjell samtlige tre på vegen mot korga. Dette minnar mykje om gamledagar, der målet var alle lyktestolpane langs vegen i nabolaget.

I morgon skal Eirik og Kjell gå 2 rundar med start 08:00.
Håvard går skjebnerunden ca. 11:30. Den vert gøy å følgje.

 

1. Statusrapport NM i Diskgolf
Ein lang treningsdag er til snart til endes…18x2 hól og det lengste på 240 meter…hjelp…armen min held på å ramle av!

Men Håvard ser ut til å vera i bra form. 
Om ikkje han trynar skikkeleg, vil han truleg klare «cut»-en…ergo går han finalerunden på søndag.

Eirik er eit «wild-card»…ser at han har teknikken inne og at han kastar langt…han kan jammen klare cut-en han også! Dei går i ulike puljer dei to, så Håvard får sjanse til å vera caddie / rådgjevar for Eirik undervegs.
Dette blir spanande!

Kjell har knapt ingenting inne…men skylder på «enorme» smerter i skuldra…ei plagsom idrettsskade…sånn som berre toppidrettsfolk får...det er kult!
Og med ein birdie på eit hól der Håvard berre fekk par, så er treningsdagen redda.

No er det straks spelarmøte og i morgon blir det «blodig alvor».
Om armen heng fast skal eg prøve kome meg gjennom løypa i alle fall…målet mitt blir under +30 !!!