Årslaugsmøtet for året 2021 er gjennomført
Publisert 26\.0\.2022 avHei alle diskgolfvener
Årslaugsmøtet er gjennomført og vedlagt følgjer protokollen frå møtet.
Vi gratulerer og ynskjer Håvard lukke til som ny laugsrådsleiar.
Likeins til Lillian, Lars og Ola-Andreas som nye laugsrådsmedlemer.
Vi gratulerer og ynskjer Håvard lukke til som ny laugsrådsleiar.
Likeins til Lillian, Lars og Ola-Andreas som nye laugsrådsmedlemer.
Tusen hjarteleg takk for fantastisk og årelang innsats i laugsrådet til May-Brith og Mark. Dei ynskte ikkje attval
Kontingenten for år 2022 vart på årslaugsmøtet vedteken slik:
- Kr. 200 pr. medlem
- Kr. 400 for familiemedlemsskap (inkl. «born» til og med siste VGS)
For betaling av kontingenten kan du anten vippse eller sette pengene inn på lauget sin bankkonto.
Medlemsskapet forpliktar deg ikkje på å jobba dugnad; - du kan også berre vera ein del av heiagjengen .
VIPPS 105866.
Konto 3705 29 38016
PS! Lauget er organisert som ei undergruppe av Solund IL. Vi oppmodar alle som ein til også å vera medlem av dette fantastiske Idrettslaget. Ikkje berre er Solund IL hovudårsaka til at Solund Idrettspark framstår som eit av landets mest naturskjøne Idrettsanlegg, men også snart er det på plass eit Nytt Idrettshus, med eit 100 kvm styrketreningsrom, garderobar, toalett både ute og inne og høve til opphald under tak, på plass.
Medlemsskap i Solund IL gjer at du også inngår i hovudlaget si forsikringsordning.