Haustkast 2016, runde 1

Publisert 25\.0\.2016 av

Haustkast 2016, runde 1 er ferdig. I sol, 20 grader og kuling frå sør!  Og du verden for ein artig runde :) For fort viste det seg at den som klaret å spele på lag med vinden og dermed skape ein såkalla "vind-vind"-situasjon, ville bli best.
Og der var Fanni heilt suveren...,med 37 kast (+9) så knuste ho alle oss andre...Endre var nærast...men med 21 kast på korg 4 (maks 12 = parx4 vert liggande i resultatlista) og +17, måtte han også gje tapt...Imponerande av Aron, som fekk 3. beste og hakk i hæl på Endre.
Ser fram til desse haustkast-rundane frametter. Det er sosialt og det er god trim, for både legg- og lattemusklar !