Ein strålande Idrettsdag - med diskmoro

Publisert 18\.0\.2015 av

Ein dag forbi...ein strålande Idrettsdag.
Masse folk...masse aktivitet...masse mat...masse topp innsats!
Tusen takk til Solund IL for strålande innsats for bygda vår...
Borna gjorde ein fantastisk innsats på aktivitetane...og dei fekk sine velfortente medaljar. Og Sparebanken styrte med kongleaktivitet...og delte ut premie til beste konglekastarar.
Og det vrimla med folk i mosjonsløpet...best ever :)

For diskgolfen var dette også ein kjempegøy dag. Det vart ustanseleg med putting...og May Gunn, Helene, Eirik og Bjørn trakk dei lengste strået i LP (Longest Put) i sine klassar...Elias og Mark kjempa om LD (Longest Drive) og trur nok Elias var så vidt lengst på ca. 100-meteren.

Etter ein så lang og innhaldsrik dag, var det naturleg nok ikkje så mange som orka ein runde...men nokon tok likevel beina fat, m.a. Ole Jørgen.
Imponerande!
Jørn Otto surra diverre heilt på tampen og lot Mark og Kjell passere på målstreken...og Kjell fekk liksom fekk alt til å klaffe denne runden (-1).
Det vart personleg rekord på alle desse tre, så kånene får garantert fornøgde og medgjerlege ektemenn heim denne kvelden.

VEL BLÅST!
Neste søndag vert det Vinterkast´2015/2016 del 1.

Neste putterkonkurranse kan vi j o ta nede på Næringsbygget ein laurdag.. :) , slik Anita så kreativt foreslo...kanon ide!