Kvifor ikkje prøve Diskgolf i Solund?

Publisert 31.03.2020 av Kjell Mongstad

Her er banedesign for begge banene i Solund:

1. Oversikt banedesign begge baner

2. Bane for bane 18-korgsbane

3. Bane for bane 9-korgsbane

Her er ein video frå vår spede oppstart, som viser kva type bane som er i Solund


Treng du kjøpe disker?

Løp og kjøp på Gjenbruket på kjøpesenteret vårt.
Om ikkje du får tak i diskar der, prøv å ring på døra til næraste nabohuset til bane 1 (det røde huset), så kanskje det vert ei råd likevel !


Opplev Solund !
Når du først er i Solund; - opplev det spanande Øyriket med både Øyhoppingstur og besøk gjene på Noregs vestlegaste Fyr; - Utvær Fyr. Sjå denne videoen.
Opplev autentisk kystkultur på ein guida kajakktur og ta deg tid til ein ordentleg kulturvandring, ein fjelltur, el.likn. Og ikkje gløym Sognesjøhytta.
Alt dette kan du oppleve medan du oppheld deg miidt i ein av dei 9 godkjende regionalparkane i landet; - Sognefjorden kystpark.

Du får alt du treng av lokal mat og husrom fleire stader i kommunen.
Vi anbefaler særleg dei som har sponsa oss og som har gjort at vi har fått på plass det flotte diskgolfanlegget:

TB-event AS
Norsk kystkulturakademi AS
Solund Eiendom AS / Skafferiet Mat & Drikke
Steinsund Marinesenter AS
Solundmat AS

Spar Solund
Sulejet AS
Vidar Hop Skyssbåter AS
Sunnfjord Energi AS
Sulemat, Frode Kalgraff lokalmatprodusent
Solund kommune