Artiklar

Solundmeisterskapen 2023 vart ein suksess !

Publisert 15\.0\.2023 av

RAPPORT - SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023!

HENG PÅ - HER FYLGJER EIN RAPPORT FRÅ ÅRETS BEGIVENHET: SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023.
Eit Solundmeisterskap skal vere annleis. Solund er annleis. Landskapet er annleis. Bana er annleis.
Arrangementet skal spele på lag med menneska som bur her, og spele på lag med det lokale næringslivet. Arrangementet skal tilpassast slik at alle skal få kome og ha ei kjekk tid på øya vår.
----------
I år hadde Solund Sendebrettlaug ei utfordring. Det var påbegynt arbeid med nytt bustadfelt. Tidligare hull 17 var no urbanisert. Ei kastebane som sløyfar seg langs asfalt og utsprengd fjellskjering passar seg ikkje.
Lauget ynskja òg å utbetre eksisterande hull der ein har hatt kryssande konflikt med hensyn til sikkerheit. Lauget var ikkje heilt nøgd med bana slik den var.
----------
Løysinga var å utvide banelayouten med nye hull. Men ville vi rekke klargjering av bane tidsnok? Ville vi få dei i innbydande stand? Lauget vart einige om å køyre på, og om å nytte gamal bane om vi kom i mål.
----------
Lauget opnar påmeldinga til arrangementet. Det tar 5 timer, så er det fullt. Fett!
----------
Lauget hiv seg rundt. Plassering for utkast og korg skal avgjerast. Synfaringar gjennomførast. Detaljar vert kverna på. Design blir satt. Baneskilt vert oppdatert.
Arrangement på kveldane vert planlagt. Burger & Jazz. Pizza & Quiz. OB-pinnar vert satt ut. Lyng og sprakje skal vekk. Nabofeltet vaknar til lyden av kantklipparen. Klopper og tee-pads vert spikra saman og løfta på plass.
Så dukkar det opp ein SMS på telefonen. Bilete av kvilebenkar og bord som er komne på plass i Draumeparken. På bilete er det òg ein nyspikra premiepall. Ny laugsbekledning med havørnlogo rekk siste leveranse frå Førde til Solund.
Eit flunkande nytt høgtalaranlegg med mikrofon dukkar opp kvelden før. Det same gjer 3 kassar med nye diskar. I den eine kassen ligg ei overrasking. Ein meisterskapsdisk.
Og på toppen av kransekaka: eit laugsmedlem tilbyr seg å filme under arrangementet for å lage stemningsvideo.
Kva i alle dagar er det vi har fått til?
----------
Turneringa startar. Vinden har løya. Havskodda er lågtliggande. Det klirrar i kjettingane. 9. Klasse er på plass, og ordnar til mat og kiosk i pausen. Ein heil skokk av smilande friviljuge har meldt sin ankomst. For ein innsats.
----------
Resultatlista synar rekordjamne og gode resultat. Ein suling snik seg opp på toppen, men kjem fort nedatt på konglomeraten. Deltakarane pratar om runden sin, og om dei nye hulla. Nokon mimrar etter dei gamle.
Ei justering vart naudsynt mellom runde 1 og 2. Det vart litt mykje venting på ett av hulla. Ny erfaring som heldigvis kan utbetrast.
----------
Lauget er nysgjerrig på kva av dei nye banene deltakarane liker best. Er det moglegheita til å kaste 150 m på bane 4D? Er det utsikta mot Sognefjorden på bane 4B? Eller den allsidige Hazard-øya på bane 4A? Vi gler oss til å høyre rundt.
Det som er sikkert, er at dei nye banene har vorte eit flott supplement til eksisterande bane. Eit nytt landskap og utsikt har kome fram.
----------
Premieringa gjekk føre seg på sedvanleg vis. Deltakarpremiar og trofé til vinnarar. Gratulere så mykje til årets laugsmeistrar Jon E. Liseth i Open, Ida Emilie Nesse i Open Damer og Gaute Hauge i Junior!
De har skrive dykk inn i lauget si historiebøker.
----------
Pargolfen dagen derpå gjekk i solskin og lett sønnavind. Draumeparken fekk historias første Eagle (2 kast) på den innbydande bane 4D.
Nokre luringar frå Flaktveit stakk av med sigeren også her. Det begynner å bli ei vane. På tide at lauget stepper opp neste gong!
Gratulere med førsteplass og sterke -12 til Jon E. Liseth og Mathias Odenbratt!
----------
Tusen takk til alle(!) som tok turen og gjorde dette til ei unik oppleving for Solund Sendebrettlaug.
Tusen takk til alle våre sponsorar og støttespelarar, som på sin måte bidreg til å gjere arrangementet vårt annleis og unikt.
Sist men ikkje minst: tusen takk til alle i styret, laugsmedlemar og laugsvener som gjer dette mogleg.
----------
No skal lauget senke skuldrane litt, før vi rettar blikket mot 2024. Kanskje det til neste år blir eit pargolfmeisterskap? 😉
----------

INFO TURNERINGSHELG 12-14 MAI + TUSEN TAKK!

Publisert 2\.0\.2023 av
__________________________
Banenyheiter - HURRA! 🥳🥳
Hol 4A-4D er klargjort og rydda. Det betyr at dei nye hola vil inngå i turneringslayouten på Solundmeisterskapen 2023. Vi anbefaler å ta ein tur opp i området for å sjå kva for eit landskap som har kome fram.
__________________________
Mat og musikk - Live Jazz med "The Ace-Group" 🎼🎹🎸
Fredag 12. mai anbefaler vi å ta turen opp på Skafferiet Mat & Drikke. Her kan du kjøpe deg noko å ete og drikke, med live jazz i bakgrunnen.
"The Ace-Group" spelar klassiske Jazzstandarder med Andy Gjata på piano, Thomas Frøyen på slagverk og Torstein Mongstad på bass.
__________________________
Ynskjer du å delta på arrangementet?
Påmelding og info i høve arrangementet finn du her. Det er framleis plass på pargolfen 14. mai, og du kan vere heldig å få plass på laurdagen om du melder deg på og om kjem inn avmeldingar.
__________________________
Lauget søkjer frivillige til arrangementet 👋👬
Solund Sendebrettlaug har bruk for frivillige under arrangementet laurdag 13. mai.
Ta kontakt med Håvard på tlf 406 32 299 om du kan tenke deg å vere med på laget, så pratast vi nærmare 🤩
__________________________
Til slutt: Lauget føler seg takksam 🥰👏
Det er på sin plass å seie TUSEN TAKK til Solund kommune som lar oss legge til rette for diskgolfaktivitet i Draumeparken og Idrettsparken. Det er moro å sjå kor flott det heilhetlige anlegget har blitt med turstier, aktivitetspark, villsauer, plantearboretum og diskgolf.
  • Har du sett dei flotte vekstane som har kome fram etter at sprakjen vart rydda i arboretet?
  • Har du sett utsikten frå "platået" vest for Arboretet? Ta turen opp og sjå då vel!
Det er viktig for lauget at diskgolfen harmonerer med aktiviteten elles i Draumeparken og Idrettsparken. Vi etterstreber å halde fram med dèt 🥰
Takk til alle som bidreg til å løfte Draumeparken Diskgolfdestinasjon opp og fram. Dette er eit teamarbeid som består av alskens typer oppgåver, og vi har støttespelarar og sponsorar som bidreg på uvurdelig vis. Ein merksemd også til diskgolfmiljøet i Noreg og særleg i Bergensområdet for inspirasjon og tips og triks til vidareutvikling av bane og arrangement.
__________________________
Velkomen skal de vere, og god vind!

Solundmeisterskapen - info

Publisert 15\.0\.2023 av

SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023

Vi har den store gleda av å ynskje deg velkomen til diskgolfdestinasjonen Draumeparken for turneringshelg. Vi håper å kunne lage ei nydelig ramme for ei diskgolf helg, der alle koser seg og får ein hyggelig opplevelse i majestetiske omgivelser!

Dette er offisiell turneringsinformasjon for Solundmeisterskapen 2023. Følg Solund Sendebrettlaug si gruppe på facebook for informasjon og orienteringar undervegs knytt til turnering og bane (endringar, påminningar etc.).

Lenke til påmelding "Pargolfen i Solund 14. Mai - Extended Edition 22-hull: https://discgolfmetrix.com/2450169

Lenke til registrering "Draumeflex i Draumeparken 12. Mai": https://discgolfmetrix.com/2467045

 

TAKK TIL STØTTESPELARAR OG SPONSORAR!

Vi er overvelda over alle som støttar Solund Sendebrettlaug og turneringa med sponsormidlar. Det betyr at alle deltakarar kan vera heldige og vinne ein premie, uavhengig av kor ein hamnar på resultatlista. Vore sponsorar er presentert i bilete nederst. Takk!

 

TIDSSKJEMA TURNERINGSHELG:

Fredag 12. Mai

08:00 - 20:00   Draumeflex i Draumeparken

Full bane tilgjengelig for spel. Flexrunde er satt opp for dei som ynskjer å registrere runde (sjå påmeldingslenke innledningsvis). Flexrunde inneber at du sjølv vel når du vil gå runden, og ein må gå minimum to stykk for å registrere score.

18:00 - Open pub og servering på skafferiet Mat & Drikke (matservering stenger 21:00).

20:30  Live jazz med "The Ace-group" på Skafferiet

- Klassiske Jazzstandarder med Andy Gjata på piano, Thomas Frøyen på slagverk og Torstein Mongstad på bass.

 

Lørdag 13. Mai

(Ca. 08:20 Ankomst Hardbakke med bil fra ferjekaia.)

08:30 – 09:15 Obligatorisk spelarregistrering ved idrettshuset

09:15 Obligatorisk fellesinfo (ca. 10 min)

10:00 Start Runde 1

—— Pause med varm lunsj + 9. klasse har open kiosk ——

14:30 Start Runde 2

Ca. 18:00 Premiering

(Ca. 19:20 Avreise til Krakhella for dei som skal med ferja. Take-away pizza kan undersøkast mot Skafferiet dersom ein ynskjer å ta med pizza på ferja)

18:30-20:30 Pizza på Skafferiet Mat & Drikke (sal av pizza stenger 21:00)

20:30 Quiz på Skafferiet Mat & Drikke

 

Søndag 14. Mai

10:00 Obligatorisk oppmøte med fellesinfo (ca. 10 min)

10:30 Start "Pargolfen i Solund Extended Edition 22-hull"

Ca. 14:00 Premiering

Ca. 14:40 Avreise Krakhella for dei som skal med ferja.

 

KONKURRANSEINFORMASJON

I det følgande finn du informasjon om bane (caddy-bok), spelarregistrering, føring av score + litt merksemd rundt eitt par sentrale regler når du kastar. Som deltagar er du ansvarleg for å gjere deg kjend med informasjonen under.

 

Bane, layout og caddybok

Draumeparken diskgolfdestinasjon består av Draumeparken 22-hols bane og Idrettsparken 9-hols bane.

På turneringsdag laurdag har vi laga ein konkurranse-layout på 18 hull. Vi har dessverre ikkje tid/logistikk til å inkludere samtlege 22-hull på turneringsdagen. Konkurranse-layout inneheld dei nye hull 4A - 4D. Vi tar ut hull 10, 13, 17 og 18. Her er caddybok for konkurranse-layout:

Til flexrunden fredag 12. mai og "Pargolfen i Solund 14. mai - Extended Edition" nyttar vi full 22-hulls bane. Her er caddybok for full bane:

 

Gå gjennom den caddyboka som er aktuell for deg.

 

Spelarregistrering

Det er obligatorisk spelarregistrering ved det nye idrettshuset. Her legg vi ut eit skjema som blir lett tilgjengeleg.

Det første du skal gjere er difor å krysse av på skjemaet at du er komen. 

Ved avmelding: Send SMS snarast til TD - Håvard H. Mongstad på telefon 406 32 299.

 

Føre score

Kvar gruppe skal føre score i Discgolfmetrix (dette er de fleste kjend med) og hjå PDGA. Gruppa vel ei/ein på gruppa til å føre i discgolfmetrix, og den andre i PDGA . Gruppa kan bli einige om å byte ansvarleg for scoreføring undervegs.
 

Når runden er ferdig:

a) Gruppa  kontrollerer at score i Discgolfmetrix og PDGA stemmer overeins!

b) Gruppa  signere score i PDGA. Søk på namn (fornamn eller etternamn) eller PDGA-nummer.

c) Gruppa sender inn score i PDGA.

Det er viktig å gå gjennom desse stega straks gruppa er ferdig med runden sin. Arrangøren vert ståande låst utan moglegheit for å klargjere for runde 2, dersom det ikkje vert gjort.
 

Hvordan føre score i PDGA:

Last ned appen "PDGA - Live" eller benytte denne lenka i nettleseren: http://www.pdga.com/score

Access Code = Solund

Føl deretter instrukser i appen.
 

Det finns mange spelarar på turneringa som har gjort dette før, så ver nysgjerrig og spør dersom du treng veiledning på korleis du fører score i Discgolfmetrix eller PDGA. Vi anbefaler å ta på deg dette ansvaret under ein av rundane slik at du gjer deg kjend med dette!

 

Vi gjer merksam på følgjande om bana:

  • OB er markert med pinner og vardar med kvitmaling. Ein nyttar siktepunkt mellom OB-markører til å fastslå om disken er god eller ikkje. Ved hol 16 og 18 vil de sjå at deler av OB-markeringen òg er gjort med linjer/tråd.
  • Bæææ...? Fra hol 2 - 4C kan det dukke opp ein villsau i fairway. Dei flyttar seg fint og pynteleg ut av fairway om du ber dei. Vis sunt villsauvett, så går det veldig fint.

 

Vi gjer merksam på følgjande reglar/etikette til konkurransen:

  • Hugs å lade mobilen! Mobilen nyttast til å føre score under turneringa
  • Set mobilen på lydløs, og ver stille idet nokon skal kaste
  • Følg med på den som kastar og kvar disken landar. Då blir det enklare å finne den.
  • Ta med mini som markør
  • Dersom du er usikker på kva du kan/skal gjere, spør dei andre på gruppa. Gruppa di bistår med å gje svaret du lurar på.
  • Er gruppa usikker på ein regel som knytter seg til ein situasjon på bana? Sjå om situasjonen kan avklarast etter regler fra caddybok. Hugs også at PDGA sitt reglement kan sjekkast ved behov (app:PDGA-Live)

 

Omspel ved delt førsteplass

Dersom det blir delt 1.plass i ein klasse, vert vinnaren avgjort ved omspel på publikumsvenlege hol. Det skal trekkast lodd om kven som kastar først. Følgjande hol nyttast til omspel:

  • Hull 14 -> Hull 16 ved behov -> Hull 14 ved behov

 

Premiering

Solundmeisterskapet er eit feel-good arrangement over ei turneringshelg med fokus på kasteglede og sosialt samvær. Premiering vil vere ulike typer gåver, og som mellom anna våre støttespelarar og sponsorar bidreg med i forkant av arrangementet. Det vil òg trekkast deltakarpremier som gjer at alle kan vinne uavhengig av plassering og prestasjon.

Eit trofè ventar sjølvsagt vinnarane av dei ulike klassane med påskrift: SOLUNDMEISTER 2023.

Påmeldingsavgift vert elles nytta til å dekke varm lunsj mellom runder og drikke, og eventuelt overskudd går utelukkande til videreutvikling av Draumeparken Diskgolfdestinasjon.

 

Fun-facts om bana: visste du at...

... ingen har parkert hull 7 innenfor 10 m sirkelen

... ingen har fått eagle på hull 4D

... hull 4 er fullt mulig å få birdie på

... følgende hol er dokumentert ace på: 8, 9, 11, 12, 14, 16, 18

... hull 6 og hull 8 ligg i eit tidligare plantearboretum - legg merke til dei ulike vekstane du finn der!

... bergarten er ein konglomerat, og består av all slags mulig stein og mineraler

... villsauane er eit lokalt bidrag til å ta vare på kystlandskapet (og fairways..)

 

PRAKTISK Å VITE

Turneringssenter:

Turneringssenter er framføre hovudinngangen til det nye idrettshuset ved idrettsparken. Det er mogleg å parkere ved klubbhuset, langs grusvegen opp mot Idrettsparken eller alternativt ved SPAR (7 min gange). Det er toalett ved idrettshuset ved bana.
 

Reise til/frå Solund:

For å kome til Solund med bil må du køyre til Rutledal ferjekai. Deretter tar du ferja over til Krakhella kai og køyrer til kommunesenteret Hardbakke. Ein kan også kome seg til Krakhella med NORLED sin snøggbåt (norled.no).

Viktig:  Sjekk ferjeavgangane før du køyrer (FJORD1). Sjekk vegmeldingane før du køyrer (vegvesen.no). Vanlegvis fri ferdsel i helger. Du må vente lenge om du ikkje rekk ferja!
 

Mat:

På Hardbakke på Solund er det ein SPAR. Den stengjer 18:00 kvardager og 15:00 laurdag. Den er ikkje ope sundager. Skafferiet Mat & Drikke held opent for matservering frå 18:00-21:00 fredag, og har matservering med Pizza etter runden laurdag. Den er stengd sundag. Det vert varm lunsj i pausen/mellom rundane på turneringsdag laurdag. Skulen/9. klasse held ope ein kiosk på turneringsdag laurdag.

Planlegg innkjøp av mat etter behov på bakgrunn av overnevnte.

 

Overnatting

I Solund kommune er overnattingstilboda fleire og varierte. Det vert tilrådd å reservere overnatting snarast og i god tid før meisterskapen. Under følgjer ei oversikt over tilbod sentralt på Hardbakke:

Solund Leilighetshotell / Solund Gjestegaard

Leiligheter  -  www.solund.com

(NB: gjør bookingen via solund.com og ikke booking.com for gunstigst pris)

Steinsund Marinesenter:

Rorbuer/hytter/hus  -  www.steinsund.no

Opp til 8 personer i en rorbu/hytte/hus.

Annet:

Det finns overnattingstilbod utover dette òg, men med noko lengre reisetid til turneringssenteret. Nytt søkemotoren Google og undersøk AirBnB dersom du står fast. Ta kontakt om du har utfordringar med å finne overnatting.

 

Påmeldingsavgift

kr. 250,- for Open og Damer

kr. 100,- for Junior

Varm lunsj er inkludert mellom runde 1 og runde 2 på turneringsdag laurdag.

VIPPS: #105866  -  Merk betaling med "Namn" og "Solundmeisterskapen 2023".

Pargolfen på sundag er gratis!

 

Velkomen skal dykk vere til Solund og for turneringshelg. Særskilt velkomen til deg som kjem for første gong, eller som deltek på di første turnering - dette blir bra! Ta kontakt om du lurar på noko!

 

KONTAKTPERSONER

Arrangementsansvarleg - Håvard H. Mongstad: 406 32 299

Baneansvarleg teknisk avdeling - Kristian Leirvåg: 480 55 892

Alt-mulig-mann - Kjell Mongstad: 908 31 711

Materialforvaltar - Lars Myhrer: 41312407

 

Støttespelarar og sponsorar

               

              

 

Solundmeisterskapen 2023 -12-14. mai

Publisert 15\.0\.2023 av

Vi har den store gleda av å invitere til diskgolfdestinasjonen Draumeparken for SOLUNDMEISTERSKAPEN 2023. Den tradisjonelle og meir uformelle pargolfturneringa er dagen derpå. Vi tar i bruk den same Draumeparken-bana som har vore nytta for tidlegare Solundmeisterskapar og Vestkysttour. Det kan bli nokre endringar, sidan vi no har utvida bana med 4 nye hull.
For dei som ikkje har delteke dei siste åra, så kan vi melde om at det er utført ein god del utbetringar på bana, då særskilt knytta til utkastmattene. Vi håper å kunne lage ei nydelig ramme for diskgolf der alle kosar seg og får ei hyggelig oppleving - uansett plassering. Solund Sendebrettlaug stiller med litt diskutsalg ved bana, og andre er velkomne til å selje frå sitt eige diskgolfsortiment.

Utfyllande informasjon finn du på påmeldingssida, herunder informasjon om tidsskjema, mat, transport m.m.

Informasjon og påmelding Solundmeisterskapen 2023: Solundmeisterskapen

Lenke til påmelding pargolf: Pargolf

Sponsors

Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane

tb-event

Solund Eiendom / Skafferiet Mat & Drikke

Norsk kystkulturakademi / Sognefjord Active

Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Ryland Bygg

Spar Solund

Sulemat, Frode Kalgraff

Solund IL

Solund kommune

Solund Kreativ

Kontaktpersoner

TD - Laugsrådsleiar Håvard H. Mongstad, 406 32 299

Assistant TD - Kristian Leirvåg, 480 55 892

Laugsrådsmedlem Solund Sendebrettlaug - Kjell Mongstad, 908 31 711

Skjermbilde 2022 04 04 kl2. 16.21.42

Årslaugsmøte for år 2022

Publisert 1\.0\.2023 av

Så var eit vellukka årslaugsmøte gjennomført.

Uploads/Protokoll-fra-arslaugsmote-i-Solund-Sendebrettlaug-den-01032023.pdf

Håvard fekk tilliten som leiar i nok eit år. Gratulerer så mykje !
Tusen takk Lillian for innsatsen etter fleire år som laugsrådsmedlem.
Og velkomen som ny vararepresentant Andrii.
Fullstendig og underskriven protokoll frå møtet er sendt til alle medlemene på mail.

Ta dykk tid til å lese årsmeldinga som følgjer i artikelen under. Mykje spanande har skjedd og Sendebrettlauget har verkeleg vore med å sette Solund på både diskgolf- og reiselivskartet i år 2022. Det speilar også årsrekneskapen godt. Retningsgjevande handlingsplan kan de studere i protokollen.

Uploads/Arsmelding-2022-for-Solund-Sendebrettlaug.pdf

Uploads/Arsrekneskap-2022-Solund-Sendebrettlau.pdf

Det er tid for innbetaling av medlemskontigent.

Innbetaling skjer til VIPPSnr. #105866


Kr. 200 pr. medlem.  Kr. 400 for familiemedlemsskap (inkl. «born» til og med siste år VGS)
Er du medlem i Solund Idrettslag kan du trekke frå kr. 100 på på innbetalinga.
Nye medlemer får ein laugsdisk med på kjøpet. Den kan hentast ved lageret vårt i Solund, alternativt ta kontakt så kan vi finne ei løysing for levering.

Vi gler oss vilt til Solundmeisterskapen 2023 

 

Mvh
Solund Sendebrettlaug v/Håvard Harnes Mongstad

Innkalling Til årslaugsmøte for år 2022

Publisert 18\.0\.2023 av
Innkalling til årslaugsmøte i Solund Sendebrettlaug år 2022
Styret kallar med dette inn til årslaugsmøte i Solund Sendebrettlaug.
Dato og tidspunkt: Tirsdag 01. mars 2023 kl. 20:00.
Møtestad:  Storehaugen 33
NB: Meld tilbake om du ynskjer å delta.
Saker som eit medlem ynskjer handsama på årslaugsmøtet, må sendast styret seinast 26. februar 2023 til post@sendebrettlauget.no. Ein ynskjer at vedlagte mal vert brukt, sjå vedlegg.
Innkalling, årsmelding, årsrekneskap følger elles som vedlegg.
Ved spørsmål som gjeld årslaugsmøtet, kan Solund Sendebrettlaug kontaktast på post@sendebrettlauget.no.
Velkomen til årslaugsmøtet!
Med venleg helsing,
Styret i Solund Sendebrettlaug

Solundmeisterskapen 2022 - Turneringsrapport

Publisert 10\.0\.2022 av
Solundmeisterskapen 2022 vart sanneleg eit eventyr for Solund Sendebrettlaug.
Berre så det er klart: Solund Sendebrettlaug har tidlegare arrangert turnering med 42 deltakarar. Denne gongen var det 72 påmelde. 50 av dei tilreisande frå Bergen og omegn. På sidelinja sat det deltakarar på ventelista som trygla om å få plass til tross for fullteikna påmelding. Det var moro å oppleve!
Allereie fredag føremiddag byrja stemninga for helga å sette seg. Medan lauget ordna dei siste førebuingane på bana, vart vi møtt av stadig fleire tilreisande som ville teste bana dagen i forkant. Litt nedbør og vind var ikkje noko hinder.
Vêrgudane hadde ordna til fine forhold med sol, dog med litt blest. Arrangøren spådde ny banerekord, men hadde nok undervurdert den friske brisen frå nord. Det skulle vise seg å bli ein utfordrande dag, der strategi og teknikk gjekk hand i hand.
Konkurransen vart spennande og jamn i samtlege klassar. I tillegg til å kåre vinnarar av Solundmeisterskapen 2022, så skulle lauget også kåre årets laugsmeistrar.
Laugsmeistrar for året 2022:
Junior: Gaute Lerpold Hauge
Open Dame: Karoline Harnes Mongstad
Open Herre: Håvard Harnes Mongstad

Resultater for Solundmeisterskapen 2022:
Junior:
  1. Gaute Lerpold Hauge
Open Dame:
  1. Ida Emilie Nesse
Open:
Vi gratulerer så mykje med flotte prestasjoner. Det var moro å sjå 72 deltakarar fordelt utover Draumeparken og Idrettsanlegget!
Dagen derpå blei det arrangert pargolfturnering. Her gjekk ein to og to i lag, der ein kunne nytte det beste kastet til ein kvar tid. Her var det to ringrever fra Flaktveit Frisbeegolf som gjorde det best! Gratulerer til Jon E. Liseth og Stian Stian Mikka Mikalsen for ein sterk runde på -10 (!).
Takk til alle som deltok på turneringa og gjorde dette til ein merkedag for oss! Takk til Sparebankstiftinga, våre hovudsponsorar HAFS Elektro og tb-event, samt alle våre andre rause sponsorar. Takk til kvar enkelt som på sitt vis har bidrege til å gjere Draumeparken og Idrettsparken til ein anerkjent diskgolfdestinasjon i vår region.
Solund Sendebrettlaug ser no fram til å arrangere på nytt! Då lyt kvar og ein sitte klar med påmeldinga for å sikre seg plass.
Vedlagt fylgjer eit bilete der de ser alle glade gjevarar og sponsorar av Solundmeisterskapen 2022.
Fullverdige resultater frå turneringa:
Vel blåst!
Laugsrådleiar på vegne av Solund Sendebrettlaug

Solundmeisterskap laurdag 7. mai 2022 med Pargolf 8. mai

Publisert 31\.0\.2022 av

Vi har den store gleda av å invitere til diskgolfdestinasjonen Draumeparken for SOLUNDMEISTERSKAPEN 2022. Det vert også ein uformell pargolfturnering dagen derpå. Vi tar i bruk den same bana som har vore vertskap for tidlegare Vestkysttour i Draumeparken. For dei som ikkje deltok i fjorårets turnering, så kan vi melde om at det er utført ein god del utbedringar på bana, då særskilt knytta til utkastmattene. Vi håper å kunne lage ei nydelig ramme for diskgolf der alle koser seg og får ein hyggelig opplevelse - uansett plassering. Solund Sendebrettlaug stiller med diskutsalg ved bana, og andre er velkomne til å ta med sitt eige sortiment.

Utfyllande informasjon finn du på påmeldingssida, herunder informasjon om tidsskjema, mat, transport m.m.

Informasjon og påmelding Solundmeisterskapen 2022: https://discgolfmetrix.com/2037622

Lenke til påmelding pargolf: https://discgolfmetrix.com/2038140

Sponsors

Sparebankstiftinga / Sparebanken Sogn og Fjordane
tb-event
Solund Eiendom / Skafferiet Mat & Drikke
Norsk kystkulturakademi / Sognefjord Active 
Øybygg
Visit Fjordkysten
Sulefisk
Solune Kreativ
Spar Solund
Ryland Bygg
Sulemat
Sulejet AS
Sulebia og Havbien - Honning frå Solund
Solund IL
Solund kommune

Kontaktpersoner

TD - Laugsrådsleiar Håvard H. Mongstad, 406 32 299

Assistant TD - Kristian Leirvåg, 480 55 892

Laugsrådsmedlem Solund Sendebrettlaug - Kjell Mongstad, 908 31 711

Skjermbilde 2022 04 04 kl2. 16.21.42

Årslaugsmøtet for året 2021 er gjennomført

Publisert 26\.0\.2022 av

Hei alle diskgolfvener

Årslaugsmøtet er gjennomført og vedlagt følgjer protokollen frå møtet.
Vi gratulerer og ynskjer Håvard lukke til som ny laugsrådsleiar.
Likeins til Lillian, Lars og Ola-Andreas som nye laugsrådsmedlemer.

Tusen hjarteleg takk for fantastisk og årelang innsats i laugsrådet til May-Brith og Mark. Dei ynskte ikkje attval
Kontingenten for år 2022 vart på årslaugsmøtet vedteken slik:
  • Kr. 200 pr. medlem
  • Kr. 400 for familiemedlemsskap (inkl. «born» til og med siste VGS)
Med medlemsskapen følgjer ein laugsdisk. For familiemedlemskapen følgjer det 2 diskar.
For betaling av kontingenten kan du anten vippse eller sette pengene inn på lauget sin bankkonto.
Medlemsskapet forpliktar deg ikkje på å jobba dugnad; - du kan også berre vera ein del av heiagjengen ????.
VIPPS 105866.
Konto 3705 29 38016
 
PS! Lauget er organisert som ei undergruppe av Solund IL. Vi oppmodar alle som ein til også å vera medlem av dette fantastiske Idrettslaget. Ikkje berre er Solund IL hovudårsaka til at Solund Idrettspark framstår som eit av landets mest naturskjøne Idrettsanlegg, men også snart er det på plass eit Nytt Idrettshus, med eit 100 kvm styrketreningsrom, garderobar, toalett både ute og inne og høve til opphald under tak, på plass.
Medlemsskap i Solund IL gjer at du også inngår i hovudlaget si forsikringsordning.

Innkalling til årslaugsmøte for året 2021

Publisert 5\.0\.2022 av
Innkalling til årslaugsmøte for år 2021 laurdag den 26. mars kl. 17:30 i Gapahuken i Draumeparken.
Vedlagt følgjer innkallingårsmeldingrekneskap som er under revisjon og budsjettframlegg.
Vi skal prøve å legge opp til at medlemer kan delta digitalt. Meld frå om du ynskjer å delta på ein slik måte. Dersom Koronaen spelar oss eit større puss enn venta, kan møtet verta halde fulldigitalt. Dette kjem vi tilbake til kort tid før møtet.
Solund IL avgjort at deira årsmøte skal vera fredag den 1. april på Skafferiet kl. 18. Velkomen skal de vera til dette årsmøte også.

Vel møtt!
Styret i SSL

Endringar på gang i diskgolftraséen

Publisert 1\.0\.2022 av
Info til alle diskgolfentusiastar og heiagjengar for diskgolfmoro i Solund.
Det skjer mellombels bygge- og anleggsarbeid i tilknyting til banene våre - permanente endringar er
samstundes på gang.
Solund kommune held no på med å lage nytt tomtefelt nord for korg 16 og 17 (korg 4 og 5 for 9-korgsbana). Likeins held det på å reise seg eit nytt Idrettshus nedanfor korg 12 og det er etablert eit sikkerheitsgjerde rundt dette byggearbeidet. Korg 1 på 9-korgsbana er i denne samanheng også mellombels tatt ned. Arbeidet på tomtefeltet medfører p.t. vanskelegheiter med å spele fullverdige diskgolfrundar. Det er også fare for at diskar kan hamne i steinurer og innafor sikkerheitsgjerdet og sågar opp på taket av Idretthuset. Bortsett frå korg 1 (9-korgsbana) kan banene våre fortsatt spelast på, men de må bruke same utkast for bane 17 ved spel på begge rundane.
NB! Dersom de vil spele banene i anleggsfasen, så gjer vi merksam på at dette skjer på eigen risiko.
 
Lauget arbeider no aktivt med å utnytte endringane som tvingar seg fram på 18-korgsbana, slik at kvalitetsnivået vert heva endå nokre hakk.
I dialog med kommunen (som eigar av anlegget) ser vi på eit alternativ med å utvide bana med 3-4 korger. Dette kan gjerast ved å legge ein trasé rundt "fjellet" i vest, frå dagens korg 4 og til dagens utkast 5 (sjå idéskissa). Dette vil i så fall opne for fleire par 4-korger og nokre heilt nye spanande alternative banedesign. Det vil bety betre baneflyt, mindre konflikt mot anna bruk, og det opnar for spel på både 9, 18, 21, 24 og/eller 27 korger. Ergo endå meir diskgolfmoro for unge og eldre i vesle, store Solund, såvel som eit spanande nytt nasjonalt 18-korgs konkurransealternativ i framtida.
 
Lauget har allereie gjort mange flotte oppgraderingar :)
Alle utkastsoner som ikkje er under endring, er oppgradert til nasjonal standard 400x150, banene er godt vedlikehaldne og OB-sonene er veldig godt merka. Når no Idrettshuset med garderobar, utvendig toalettfasilitet. lager og kiosmoglegheiter kjem på plass i april, så blir dette veldig bra.
Vi gleder oss til ny sesong og bruk av Solund som diskgolfdestinasjon av både nær og fjern.
 
Meir info følgjer så snart vi har landa nokre nye banedsign som vi ynskjer presentere for dykk, og som de skal få lov til å teste ut ! Velkomen til Solund som diskgolfdestinasjon.

 

Dei første laugsmeistrane i Solund er kåra

Publisert 28\.0\.2021 av

Våre første laugsmeistrar i diskgolf i Solund si historie vart kåra den 28. august 2021. Desse meistrane er:

Junior:                  Daniel Elvevåg
Open damer:    Karoline Harnes Mongstad
Open herrar:    Håvard Harnes Mongstad

Gratulerer til dei historiske samanlagtvinnarane av Solundmeistarskapen 2021.

Lauget hadde invitert til ein konkurranse som var open for andre utanforståande til å delta og det var difor heile 25 deltakarar med på denne meisterskapen.
Det vart ein kjempespanande konkurranse. Under strålande Solund vêr og i aukande vind tok Eivind i herre-klassen ein skikkeleg Northug og spurta forbi Håvard på oppløpssida. Mange kniva om 3.plassen, men det vart til slutt Roald og Tarjei som delte den.

Lillian avslutta som ei løve og kjempa inn 2. plassen foran Marianne. Men Karoline vart hakket for sterk, og vant dameklassen. Daniel vant ein velfortent diskgolfbag i juniorklassen, som Flaktveit IK frisbeeshop sponsa turneringa med. Tusen takk til flakkarane.
Tusen takk også til Norsk kystkulturakademi, Skafferiet mat og drikke, Spar Solund, Frode Kalgraff og Øybygg for kjempeflott sponsing.

I historiebøkene til Solund Sendebrettlaug vil det for alltid stå at Daniel Elvevåg, Karoline Mongstad Harnes og Håvard Harnes Mongstad vart Laugsmeistarar i år 2021.

Igjen; - Gratulerer til dykk alle tre og takk til alle for ein strålande konkurranse!

 

Karoline med knallsterk 2. plass i Norgescupen

Publisert 26\.0\.2021 av

Solund Sendebrettlaug gjorde seg sterkt bemerka under Norcescupen på Karmøy 21.-22. august 2021

Gratulerer med ein fantastisk 2. plass til Karoline i klassen for Open Damer og ein like imponerande 13. plass til Håvard i Open Herrar i ein Norgescup med deltaking av topprangerte deltakarar på nasjonalt nivå!

Tre runder à 18-hull, på det som var ei svært krevjande, gøyal og frustrerande skogsbane. Eit litt upresist kast, så var det rett ut av fairway og inn i tjukkaste skogen. Vi i lauget er ikkje så vane med å skulle forsere så mykje tre. Det var det lite som tyda på resultatmessig; - i alle fall for 2 av våre 5 deltakarar frå Sendebrettlauget.

For etter heile 227 kast enda Karoline jommen meg på delt 1.plass. Det måtte difor omspel til, for å kåre vinnaren av Norgescupen for damer. Etter å ha spelt 4  omspelskorger, glapp sigeren med eitt kast. Og Ida Emilie Nesse, vår kjære nabo med røter på Hop, kapra 3. plassen, berre 1 kast bak Karoline igjen.
Håvard tok som nemnt ein sterk 13. plass i hard kamp med 58 andre i Noregseliten. 10.plass glapp nok diverre på korg 13 i aller siste runde ! Oss andre som deltok, snakkar vi ikkje så mykje om ????

 

Meir om Solundmeisterskapen 2021

Publisert 25\.0\.2021 av
Hei alle saman!
Det nærmar seg Solundmeisterskap 2021. Vêrgudane har kasta fram sola og skyene fader vekk. Vindtilhøva synes også å bli optimale. På ny luktar det sann kasteglede og banerekord.
 
Påmeldinga syner allereie knalltøff konkurranse i Open Herrer, også med deltagelse frå Bergen og omegn. Det er også heile 5 kvinner påmelde i dameklassen. Dette blir spennande! Det er framleis mogleg å hive seg på.
 
Tradisjonen tru vil det ligge eit flott fenalår dandert på ei utvalgt korg som CTP-premie. Det vil også vanke premiering for ACE. Vidare kan vi freiste med eitt par flotte deltagarpremier. I tillegg kjem sjølvsagt hovudpremien til Solundmeisteren i kvar klasse.
 
Solund Sendebrettlaug og Flaktveit IK Frisbeeshop stiller med utsalg av diverse frisbeeprodukt ved Idrettsbana. Minner om at ein førebels må syte for eiga mat. Vi kjem tilbake til om det vert endringar kring dette.
 
Turneringa er tilpassa slik at det er mogleg å ta turen som ein dagstur.
 
 
Spørsmål: Ta kontakt med TD-Håvard Harnes Mongstad

Solund laugsmeisterskap laurdag 28. august

Publisert 17\.0\.2021 av

Hei!

Her kjem oppdatert og viktig info til dei som deltek på Solundmeisterskapet 2021. Les difor dette:

Først: Det blir servert varm mat i pausen mellom runde 1 og runde 2!

Tidsskjema:

Ca. 10:40 Ankomst Hardbakke med bil fra ferjekaia.

10:50 Obligatorisk oppmøte og fellesinfo (ca. 10 min)

11:30 Start Runde 1

—— Pause med varm lunsj ——

15:15 Start Runde 2

Ca. 17:45 Premiering

Ca. 19:20 Avreise til Krakhella for dei som skal med ferja.

Mat og drikke Hardbakke:

Restaurant: Skafferiet mat & Drikke / www.skafferietmatogdrikke.no

Daglegvarebutikk: SPAR

Toalett: SPAR fram til 15:00

Viktige endringer i baneregler:

1. Til turneringa skal nye teepads/utkast nyttast der desse er komen på plass. På enkelte hål vil de imidlertid sjå at utkastskilt er noko malplassert - det er fordi vi ikkje har rukke å flytte desse endå.

2. Hål 16 spelast med vanlege OB-regler og ikkje med droppsone. Ved OB skal det difor nyttast vanlege OB-regler. 

3. OB er somme stader markert med pinner OG linjer. Somme stader er dei imidlertid berre markert med pinner. Det skal være konsekvent markering for dei einskilde hål.

4. Bruk «spotter» på hål 10, og ver varsom kring hål 16/17.

5. Dersom disken din treff ein villsau, og den spring avgårde med disken sittande fast i ulla, så må du springe etter sauen. Hopp deretter på sauen og hald deg godt fast. Ditt neste kast må kastast frå sauen. Ett straffekast for å kaste frå sau. To straffekast dersom sauen har sprunge OB.

 

Caddybok: Sjå banekart og baneoversikt under "bilder" i facebookgruppa. Eventuelt besøk vår heimeside.

 

Registrering på konkurransedagen:

Vi legg til grunn betalt påmeldingsavgift som bekreftelse på deltagelse i turnering. Dersom du imidlertid ikkje skal delta likevel, må du snarast gje beskjed til TD Håvard.

Dersom du ikkje betaler innan fristen 23:59 i kveld, vil du verte sletta fra lista.

 

Scoreføring:

Score førast i Discgolfmetrix og PDGA. Det vil difor være to stykk på gruppa som skal føre score, på kvar sin stad. Oppfordrer difor til å ta med mobil.

Veiledning føre score i PDGA:

Gå inn på følgjande lenke: www.pdga.com/score. Skriv deretter inn kode «Solund». Ein er då klar til å registrere score på gruppa. Når runden er ferdig, kontrollerer gruppa at score på Discgolfmetrix og PDGA stemmer overens og er korrekt. I PDGA må så alle spillere på gruppa «signere». Dette blir gjort ved at ein klikker på dei einskilde deltagarane. Deretter skriv ein inn enten fullt etternavn eller PDGA-nummer.

«Huff!» tenker du kanskje no? Fortvil ikkje - det vil vere minst ein/ei på gruppa di som kan dette. Men mi sterke oppfordring er at dersom du ikkje har gjort det før, så tar du initiativ til å ta på deg ansvaret på gruppa slik at du lærer deg det ????

Påmelding og påmeldingsavgift:

Det er mogleg å melde seg på fram til kl. 23:59 i kveld. Følg lenka under for påmelding. Påmeldingsavgift kr. 100.

https://discgolfmetrix.com/1815355

 

Vi kastast!

Prosjekt Solund som diskgolfdestinasjon

Publisert 15\.0\.2021 av

Diskgolf er i vinden som aldri før i Noreg. Så også i Solund. Frå orkesterplass høyrer leiaren av lauget at det plingar i diskgolfkorger både seint og tidleg. Og det er ikkje berre bygdefolk som prøver seg på ein birdie eller to. Sanninga er at det stadig kjem tilreisande diskgolfarar som har høyrt om dei gode og naturskjøne banene i Solund og som likegodt legg eit weekend- eller ferieopphald til kommunen. Å kombinere kajakkpadling og ein diskgolfrunde eller to, med Øyhoppinga eller Utvær-turen, ser ut til å vera ein populær kombo.
 
For at våre baner i Solund skal klare å oppretthalde status som ei attraktiv bane for aktive og opplevingshungrige diskgolfarar, sette laugsrådet i vår i gang eit prosjekt som sikrar at bana vert oppgradert til 2021-standard. Målet er at Solund skal for alvor koma på kartet som ein av Noregs attraktive diskgolfdestinasjonar. 
Først og fremst galdt det å få utkastsonene oppgradert til nasjonal standard. Eit krevjande arbeid, men like fullt heilt naudsynt for å bli oppfatta som ein seriøs destinasjon. Det vil som følgje av dette, også verta naudsynt å gjere nokre mindre endringar i banedesignet. Dette blir del 2 av prosjektet.

Arbeidet starta opp i månadsskiftet april / mai og det vart jobba intensivt før knotten gjorde sitt inntog. Pr. 15/6 har det vore arbeidd dugnad til ein verdi av heile kr. 55.000. Og nær 30 personar har deltatt. Det er gjort innkjøp av materialer og matter for omlag kr. 70.000.
Prosjektet er langt frå ferdig, men vi klarte å få gjort det vi skulle før sommarferien. No framstår bana som attraktiv for både innbyggjarar og tilreisande; - til både tur- og diskgolfføremål; - herunder å få arrangert vår første offisielle laugsmeisterskap til hausten.

Som ein positiv sideeffekt av alt oppgraderings- og vedlikehaldsarbeidet som skjer, har Kystarboretet og Draumeparken fått eit positivt ansiktsløft.
No er det berre å ta turen ut i Guds frie natur, med eller utan disk i handa. Vi ser at satsinga allreie har sin verknad. Det er både einskildpersonar og grupper av tilreisande som no nyttar banene våre aktivt, i tillegg til at lokalbefolkninga for alvor har fått auga opp for dette positive aktivitetstilbodet i Solund.

God diskgolftur alle saman :)

 

 

Årslaugsmøte er gjennomført !

Publisert 19\.0\.2021 av

Hei alle diskgolfvener

Årslaugsmøtet er gjennomført og vedlagt følgjer protokollen frå møtet.
Vi ynskjer velkomen Kristian og Håvard som nye laugsrådsmedlemer

Kontingenten for år 2021 vart på årslaugsmøtet vedteken slik:
  • Kr. 200 pr. medlem
  • Kr. 400 for familiemedlemsskap (inkl. «born» til og med siste ungdomsskuleår)
Nytt medlemsskap inkluderer ein laugsdisk.
Fordi leverandørane er gått tom for plast, så vert det ikkje produserte blanke disker og vi får ikkje bestilt laugsdiskar før inn mot nyttår. Så de må vente med å hente ut medlemsdisken til dess.
For betaling av kontingenten kan du anten vippse eller sette pengene inn på lauget sin bankkonto.
Medlemsskapet forpliktar deg ikkje på å jobba dugnad; - berre å vera del av heiagjengen ????.
VIPPS 105866.
Konto 3705 29 38016
 
PS! Lauget er organisert som ei undergruppe av Solund IL. Vi oppmodar alle som ein til også å vera medlem av dette fantastiske Idrettslaget. Ikkje berre er Solund IL hovudårsaka til at Solund Idrettspark framstår som eit av landets mest naturskjøne Idrettsanlegg, men også snart er det på plass eit Nytt Idrettshus, med eit 100 kvm styrketreningsrom, garderobar, toalett både ute og inne og høve til opphald under tak, på plass.
Medlemsskap i Solund IL gjer at du også inngår i hovudlaget si forsikringsordning.

Vestkysttouren i Solund 25.-27. juni 2021 - GÅR UT !

Publisert 14\.0\.2021 av

Beklager diskgolfvener men årets planlagde VKT må diverre gå ut. Denne meldinga vart lagt ut på FB den 4. april, etter at styret hadde gjort sitt vedtak:

Vi veit at det er svært mange som har gleda seg til VKT i Solund ???? Men... Vi må diverre melde om at den planlagde VKT-touren i juni, må gå ut ???? Dette skuldast:

a) Korona-pandemien - i høve til overnatting og sosial kontakt
b) Føreståande anleggsarbeid langs hål 17 og opp mot korg 16.
c) Bygging av nytt idrettsbygg nedanfor korg 12.

Med opptil 90 spelarar i sving over 2 dagar må vi som arrangør vera heilt trygge på at både det konkurransemessige og ikkje minst det sosiale aspektet vert godt ivaretatt ei slik helg. Dette også utfrå VKT sin visjon og tidlegare VKT-deltakarar sine mange gode tilbakemedlingar på touren i Solund.
Styret i Solund Sendebrettlaug har som mål å gjere Draumeparken i Solund til ein attraktiv diskgolfdestinasjon (om den ikkje skulle vere det frå før då.. ???? ). Vi bruker difor den oppståtte situasjonen til å gjere nødvendige endringar i banedesign, oppgraderer bana med nye teepads og utbetrar fairwayene der det trengs.

Bana er generelt i veldig god stand. Så om ikkje vi torer invitere til ein nasjonal / regional konkurranse dette året, så inviterer vi frimodig både erfarne diskgolfarar og glade amatørar til aktivt å bruke banene våre.
Om alt går som planlagt lokalt, og denne hersens pandemien etterkvart dunstar bort, så legg vi opp til å invitere til eit ope klubbmeisterskap og kanskje uformelle veneturneringar på hausten. De høyrer nærare frå oss om dette.
Solund Sendebrettlaug reknar med å få lov til å koma sterkt tilbake, og vil gjerne arrangere ein heidundrande VKT i år 2022,; -då med oppgraderte teepads rundt eit flunkande nytt klubbhus!

Vi kastast !

 

 

Gled dykk, folkens !

Det blir Vestkysttour i Solund også i år. Helga 25-27. juni er allereie avsett.
Vi kjem tilbake med meir info etterkvart som opplegget vert klart for heile Vestkysttouren. Då vert også www.vestkysttouren.no oppdatert for 2021-turneringa.

Diskgolfsporten har jo tatt heilt av det siste åre. Følg difor også med på www.discgolfmetrix.com . Der skjer påmeldinga og turneringane vert fort fylt opp dette året.

Sjå også Terminlista for relevante diskgolfturneringar for oss her i vest.